Neu! 4

studioalbum av Neu! From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Neu! 4 er det fjerde og siste studioalbumet til det tyske krautrockbandet Neu!. Det vart revidert og gjeve ut på nytt som Neu '86 i 2010.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling

Det vart spelt inn og miksa mellom oktober 1985 og april 1986 ved Grundfunk Studio i Düsseldorf i Tyskland, ved Dinerland-Lilienthal Studio i Düsseldorf og Michael Rother Studio i Forst. Dette var første gongen Michael Rother og Klaus Dinger gjekk i studio lag sidan 1975. Innspelinga vart derimot ikkje gjort ferdig og det planlagde albumet vart lagt på hylla.

Utgjeving

I 1990-åra vart dei tre første Neu!-albuma tilgjengeleg som piratkopierte CDar på Germanofon Records. Musikken på desse ulovleg produserte platene var henta frå vinyl-utgåver av albuma, men selskapet klarte å få platene i stort sal. I følgje Micahel Rother gav Dinger ut Neu! 4 «i eit desperat forsøk» seint i 1995 for å stoppe dei piratkopierte platene. Rother var i mot at Neu! 4 skulle kome ut. Det kom ut på japanske Captain Trip Records, utan at Rother visste om det. Dette skapte stor splid mellom dei tidlegare to bandkollegaene.

Remove ads

Neu! '86

Tidleg i 2010 annonserte Rother at han hadde kome til semje med arvingen til Dinger (Dinger døydde i 2008), Miki Yui, om å remastra albumet og gje det ut på ny som Neu! '86.[2]

Det nye albumet har fleire av dei same songane som den første utgjevinga, men nokre få nye eller remixa spor. Kritikarar har sagt at den nye versjonen verkar overprodusert.

Innhald

Neu! 4 (1995)

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Neu! '86 (2010)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Bandmedlemmar
  • Michael RotherFairlight, synthesizer, gitar, bass, stemme, programmering
  • Klaus Dinger – stemme, gitar, OB8, miks, trommer, perkusjon, programmering
Andre medverkande
  • Gigi – trommer på «Fly Dutch II» and «Good Life"
  • Konrad – bass på «Fly Dutch II» and «Good Life"
  • Jochen – stemme på «La Bomba"
  • Brigit – stemme på «La Bomba"
  • Michael Grund – lydteknikar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads