Neuwied

From Wikipedia, the free encyclopedia

Neuwied
Remove ads

Neuwied er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Wied munnar ut i Rhinen ved den høgre breidda til Rhinen, 12 km nordvest for Koblenz, på jernbanelinja frå Frankfurt am Main til Köln.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Neuwied vart grunnlagd av grev Fredrik av Wied i 1653, nær landsbyen Langendorf, som vart øydelagd under trettiårskrigen. Sidan byen tok imot alle mogelege religiøse samfunn voks han raskt. Mellom anna søkte det herrnhutiske brorskapet tilflukt i byen.

Nær Neuwid har ein grav ut ein av dei største romerske festningane (castra) langs Rhinen.

I april 1797 slo den franske generalen Louis Lazare Hoche austerrikarane nær Neuwied, noko som var den første avgjerande suksessen i den franske revolusjonskrigen. Neuwied var heimbyen til Vilhelm av Wied, som ei kort tid i 1914 var konge av Albania.

Thumb
Utsyn over byen.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads