Nevatim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nevatim
Remove ads

Nevatim (hebraisk skrift נְבָטִים) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen kring 8 km søraust for Beersheba og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 629 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Region ...

Dei næraste naboane er beduinbyane Tel as-Sabi i nord og Shaqib al-Salam i sør. Lengre unna i nordaust ligg Nevatim flybase, kalla opp etter moshaven.

Remove ads

Historie

Nevatim vart grunnlagd i 1946 av immigrantar frå Ungarn som ein av Dei 11 punkta i Negev, og namnet er henta frå Tanakh. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart området her, inkludert byen Beersheba, erobra av den egyptiske hæren.

Egyptarane kringsette Nevatim, i lag med nabolandsbyen Beit Eshel (som vart øydelagd og sidan fråflytta). Nevatim klarte å halde ut gjennom kringsetjinga sidan han fekk forsyningar frå lufta, og fordi egyptarane konsentrerte seg meir om det som skjedde lenger nord.

Landsbyen vart flytta etter krigen og Nevatim vart grunnlagd på ny ein annan stad i 1954. Dei nye nybyggjarane var Cochini-jødar som emigrerte frå Kochi i India.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads