Neve Daniel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neve Daniel (hebraisk skrift נְוֵה דָּנִיֵּאל) er ei israelsk busetjing og fellesbusetnad vest i Gush Etzion sør på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg sør for Jerusalem og like vest for Betlehem, på toppen av eit av dei høgaste punkta i området, nær 1000 meter over havet. Frå her er det utsyn over det meste av den israelske kystsletta ved Middelhavet, i tillegg til fjella i Jordan.
Remove ads
Historie
Neve Daniel vart grunnlagd den 18. juli 1982 ved Cohen-garden. Cohen-garden vart starta opp 6. september 1935, på landområde kjøpt frå den nærliggande landsbyen al-Khader. Dette vart overført til Jewish National Fund i 1943. Garden vart fråflytta under arabaropprøra og vart verande under jordansk kontroll fram til 1967.
Det nye samfunnet vart kalla opp etter Nebi Daniel, ein sving i vegen fleire kilometer sørvest for Betlehem, der ein konvoi med forsyningar til Gush Etzion vart angripen i eit bakhald. Vegen til Gush Etzion har blitt blokkert av arabiske landsbybuarar, som organiserte angrep på kjøretøy som køyrte til og frå Jerusalem.
Som alle israelske busetjingar i israelskokkuperte territorium vert Neve Daniel rekna som ulovleg etter folkeretten, sjølv om Israel hevdar retten er på deira side.[2]
Snø i Neve Daniel i 2013
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads