Neve Michael
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neve Michael (hebraisk נְוֵה מִיכָאֵל) er ein landsby med sambruksjordbruk (moshav) sentralt i Israel, bygd på ei høgd søraust i Elahdalen. Han ligg sør for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. Moshaven var opphavleg ein fråflytta militærpost som vart busett av kurdiske emigrantar. I 2006 hadde han eit folketal på 428.
Landsbyen vart grunnlagd i 1958 av kurdiske emigrantar frå Iran. Emigrantar frå Marokko slutta seg seinare til. Moshaven heitte opphavleg Roglit (hebraisk רוֹגְלִית), men vart sidan endra til Neve Michael, til minne om den amerikanske filantropen, Michael M. Weiss frå South Orange, N.J. i USA, som donerte pengar til Jewish National Fund (KKL).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads