Mateh Yehuda regionale kommune

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mateh Yehuda regionale kommune
Remove ads

Mateh Yehuda regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מטה יהודה, Mo'atza Azorit Mateh Yehuda) er ein regional kommune i Jerusalem distrikt i Israel. I 2008 hadde han 36 200 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Namnet på den regionale kommunen kjem frå at området i følgje Bibelen tilhøyrte Juda-stamma.

Remove ads

Busetnader

Den regionale kommunen består av moshavim, kibbutzim, arabiske landsbyar og andre landlege busetnader i Jerusalemkorridoren, nord og sør for hovudvegen mellom Jerusalem og Tel Aviv, frå Jerusalem til Latrun og opp til området kring Beit Shemesh (Ha'eladalen) i sør.

Busetnadane varierer stort i karakter. Det er både religiøse, sekulære og blanda jødiske samfunn, to arabiske busetnader og den einaste arabisk-jødiske landsbyen i Israel, Neve Shalom. Mange av dei jødiske samfunna i Mateh Yehuda vart oppretta av emigrantar frå India, Jemen, Irak, Iran og land i Aust-Europa.

Landsbyar

Remove ads

Turisme

Dei viktigaste turistaktivitetane i området er fjellturar og sykling. Andre turistmål er Avshalom stalaktittgrotte, naturlege vasskjelder, historiske synagoger og geitostgardar.

Venskapsbyar

Kommunar er venskapskommune med:

  • Flagget til Finland Vandai Finland
  • Flagget til Tyskland Würzburg i Bayern i Tyskland
  • Flagget til Tyskland Nümbrecht i Nordrhein Westfalen i Tyskland
  • Flagget til Romania Dorohoi i Romania

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads