Never a Dull Moment av Rod Stewart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Never a Dull Moment er det fjerde studioalbumet til den britiske rockesongaren Rod Stewart. Albumet kom ut sommaren 1972 og låg to veker på toppen av den britiske albumlista og nådde andreplassen på den amerikanske lista.[4][5] Songen «You Wear It Well», skriven av Stewart og den klassiske gitaristen Martin Quittenton, vart ein stor hit (1. plassen i Storbritannia, 13. plassen i USA) og det same vart «Twisting the Night Away», ein song av Sam Cooke.

Meir informasjon Rod Stewart-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Som mange av albuma til Stewart frå denne tida deltok fleire av medlemmane i Faces på albumet. Andre gjestemusikarar var Ray Jackson frå bandet Lindisfarne på mandolin, Spike Heatley på kontrabass, Gordon Huntley på steelgitar, Dick Powell på fiolin og Pete Sears på piano og bass.

«Mama You Been on My Mind» er ein coverversjon av ein Bob Dylan-song. Stewart sin versjon av songen er med i Nick Hornby-boka 31 Songs.

«Angel» er ein song av Jimi Hendrix, og spelt inn som ei hyllest til han, etter han nyleg var gått bort. Hendrix og Ronnie Wood hadde delt leilegheit seint i 1960-åra, og var begge på ein klubb i Soho den natta han døydde. Ein kan høyre denne versjonen i filmen Charlie's Angels.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1972), Plassering ...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads