Nevjansk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nevjansk (russisk Невьянск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg på austsida av Uralfjella, ved elva Nejva, rundt 80 km nord for Jekaterinburg.
Nevjansk posad vart grunnlagt i 1700 i samband med bygginga av eit jernverk og støyperi. Bystatus vart innvilga i 1919. På 1700-talet vart Nevjansk hovudsakleg busett av gammaltruande, som frå lokale kunstnarar bestilte nokre skimrende, stilfulle ikon som vert rekna som han siste fasen av russisk ikonmåling.
![]() |
Forutan jernverksemda vart det utvunne gull frå fjella i området og busetnaden vart særs viktig for velferda til Demidov-familien. Demidovane bestilte det 60 meter høge skeive tårnet i Nevjansk, som vart bygt ein gong mellom 1725 og 1740 og som framleis er det viktigaste landemerket i byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads