Nic Waal
norsk psykiata From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nic Waal, fødd Caroline Schweigaard Nicolaysen (1. januar 1905–28. mai 1960) var ein norsk lege og føregangsperson innan barnepsykologi og barnepsykiatri.
Remove ads
Biografi
Ho tok artium i 1923 og vart cand.med. i 1930. Etter turnusteneste tok ho spesialistutdanning i psykoanalyse i Berlin. Både før og etter dette gjekk ho sjølv i psykoanalyse, både terapeutisk og didaktisk, blant anna hos Harald Schjelderup og Wilhelm Reich. Ho vart godkjent psykoanalytikar i 1933, spesialist i psykiatri 1951 og i barnepsykiatri 1953.
Den offentleg verksemda hennar byrja allereie i studietida, med foredrag om familieplanlegging og seksuell frigjering. Som privatpraktiserande lege i Oslo 1932 til 1939 vart ho gjenstand for ei Chat Noir-vise: «Fru Nic Hoel har psykoanalysert meg, har ‘a psykoanalysert deg?».
Ho hadde ulike stillingar innan psykiatri ved sjukehus i Oslo 1939-1954. I 1951 opna ho i Oslo Dr. Waals institutt for barn med tilpasningsvanskeligheter, Noregs første tilbod innan barnepsykiatri. Instituttet vart utvida i 1953 og kalla Nic. Waals Institutt. Ho leia instituttet til hø døydde i 1960.
Posten utgav i 2005 eit frimerke i høve 100-årsdagen for fødselsdagen til Waals.Norwegian stamps 2005 Arkivert 2016-03-11 ved Wayback Machine.
Remove ads
Ekteskap og born
Nic Waal var gift med forfattaren Sigurd Hoel 1927-1936. Ho var òg gift med Wessel Waal frå 1937 og hadde to born med han, Berit og Helge. I 1951 gifta ho seg med lege Axel Helju, eit ekteskap som varte til 1954. I oppveksten og studietida pleidde ho omgang med Mot Dag-kretsen til Trygve Braatøy, Trygve Bull, Karl Evang og Erling Falk.
Motstandsarbeid under andre verdskrigen
Nic Waal deltok under krigen aktivt i motstandsarbeidet, blant anna ved å føre jødiske born til Sverige. Ho vart arrestert og var flyktning i Sverige våren 1945. For dette vart ho heidra med æresbevisinga Righteous Among the Nations.
Meir kuriøst kan nemnast at ho i 1929 omsette kriminalromanen Mordaren i den kinesiske eske til norsk.
Bibliografi
- Filmen og barna. 1938 (som Nic Hoel)
- Disiplin og karakterutvikling. 1939
- Family life and housing conditions. Stockholm, 1947
- Mennesker og boliger. 1948. (Medforf. Bind 2 av Oslo byes vel's boligundersøkelse)
- Vi og smårollingene våre i det første året. 1948 (omsett til svensk)
- Personlighetsdiagnostikk med henblikk på strukturbeskrivelse, utkast til begrepssystem. 1956 (Medforf. Stensiltrykk. 2. utg. 1973)
- Nic Waal's metode for somatisk psykodiagnostikk, beskrivelse av undersøkelsesmetoden med utkast til begrepssystem. 1957 (Medforf. Stensiltrykk)
- Er det foreldrenes skyld?. 1962 (omsett til svensk og dansk)
- Utvalgte faglige skrifter. 1969
Remove ads
Litteratur
- Lemjan, Ida. «Nic Waal og hennes metode». I: Impuls, tdsskrift for psykologi, nr 4, 1990
- Waal, Helge. Nic Waal, det urolige hjerte. Pax, 1991
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nic Waal» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2010.
Bakgrunnsstoff
- Tidsskrift for den norske legeforening Jon Lange: Nic Waal - norsk barne- og ungdomspsykiatris mor
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads