Sigurd Hoel

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Sigurd Hoel
Remove ads

Sigurd Hoel (14. desember 189014. oktober 1960) var ein norsk forfattar frå Nord-Odal i Hedmark. Han debuterte med novellesamling Veien vi gaar i 1922. Gjennombrotet kom med Syndere i sommersol (1927), som vart filmatisert i 1934.

Kjappe fakta

På 1930-talet var Hoel redaktør for Gyldendal norsk forlag sin «Gule Serie», der han var med å omsetja kjende, internasjonale verk til norsk. Dette gjaldt mellom anna verk av forfattarar som Ernest Hemingway, F. Scott Fitzgerald og Franz Kafka.

Veien til verdens ende (1933) er ei barneskildring frå bondemiljø, og vert rekna som eit av hans hovudverk. Der og i boka Møte ved Milepelen (1947) tek han avstand frå nazismen. Trollringen (1958) er òg eit av dei meir kjende verka av han.

Hoel stødde aktivt opp om riksmålsrørsla. Han var mellom stiftarane av Forfatterforeningen av 1952 og var formann for Riksmålsforbundet frå 1956 til 1959.

Sigurd Hoel døydde av slag, 69 år gamal.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads