Nicolai Hanson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nicolai Hanson (fødd 24. august 1870 i Kristiansund, død 14. oktober 1899 på Kapp Adare i Antarktis) var ein norsk preparant og polarforskar. Han var det første mennesket som omkom og vart gravlagd på det antarktiske kontinentet, då han som medlem av Southern Cross-ekspedisjonen under leiing av Carsten Borchgrevink døydde etter lengre tids sjukdom.
Hanson hadde vorte alvorleg sjuk under sjøreisa frå England. Etter å ha kome fram til ekspedisjonen sin overvintringsleir ved Kapp Adare, var han frisk nok til å kunne gjennomføre delar av dei planlagde vitskaplege aktivitetane. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis, og i løpet av vinteren vart Hansons helsetilstand forverra. Han var klår over kva for ein veg det gjekk, og den 14. oktober døydde han.[1] Obduksjonen synte at dødsårsaka var tarmslyng, men noko sikker diagnose over sjukdomen hans er ikkje blitt fastslått. Det har vore spekulert i om han leid av skjørbuk eller beriberi, men meir truleg pådrog han seg ein infeksjon i São Vicente under reisa sørover.[2] Hanson si dagbok frå turen er bevart, men mykje av dei vitskaplege notata og prøvene gjekk tapt etter skjønlaus handsaming på heimturen .
Etter eige ynskje vart Hanson gravlagt i fjellpartiet ovanfor Kapp Adare, der ei grav vart sprengt ut i fjellet. Grava er markert med kvite kvartssteinar og ein trekross og plakett som er festa til ein stor stein. Ho er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.
Hanson hadde ein kort periode i 1895 studert zoologi under professor Robert Collett ved Christiania Universitet. Han var ein ivrig jeger, samlar og konservator, og før han vart vald ut til å delta på Borchgrevinks ekspedisjon hadde han drive feltarbeid i Nord-Noreg for British Museum og Zoologisk museum.
Han gifta seg kort tid før han reiste til Antarktis, og fekk seinare ei dotter. Oldeborna hans David Vogt utgav i 2008 ei bok om Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen.[3]
Hanson Peak (1255 moh.) på Kapp Adare er kalla opp etter han.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads