Nicolas Anelka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nicolas Anelka (fødd 14. mars 1979 i Versailles i departementet Yvelines) er ein fransk fotballspelar. Han har spela i angrep for Chelsea i engelsk Premier League og for det franske landslaget. Han har tidlegare spelt for ei rekkje klubbar i Premier League, i tillegg til Real Madrid i Spania og den første proffklubben hans, Paris Saint-Germain i Frankrike. Han var toppskårar i Premier League i 2008/09-sesongen med 19 seriemål. Han var Bolton Wanderers sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål og i 2007/08-sesongen med 10 seriemål.
Remove ads
Remove ads
Anelka deltok åra 1998 til 2010 i 69 av Frankrike sine landskampar. Han skåra 14 landslagsmål. Anelka vart europameister 2000 med Frankrike, men spelte ikkje finalen. Sidan deltok han i europameisterskapen 2008 og verdsmeisterskapen 2010, hans avskjed med landslaget.
- Europameister: 2000 for Frankrike
- Vinnar av meisterligaen: 2000 med Real Madrid
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1996 med Paris Saint-Germain
- Engelsk ligameister: 1998 med Arsenal FC og 2010 med Chelsea FC
- Engelsk FA-cupmeister: 1998 med Arsenal FC, 2009 og 2010 med Chelsea FC
- Tyrkisk seriemeister: 2006 med Fenerbahçe
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nicolas Anelka» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads