Nidelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nidelva er ei 30 km lang elv i Trøndelag fylke. Ho har utspringet sitt ved Bjørsjøen like nedanfor Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu kommune. Ved Hyttfossen ligg Hyttfossen dam som regulerer Selbusjøen. Nedanfor Hyttfossen ligg Løkaunet kraftstasjon, og elva renn vidare forbi Svean kraftstasjon. Lengre mot nord i Klæbu ligg Fjæremsfossen dam og kraftstasjon. Frå der renn ho nordover forbi Tiller til Leirfossene der det er to vasskraftverk. Vidare har ho eit svingete (meandrerande) løp forbi Stavne og gjennom Trondheim sentrum. Ho munnar ut i Trondheimsfjorden ved Brattøra (nær Trondheim sentralstasjon).
- For elva i Agder, sjå Nidelva i Agder.
Nidelva er nedste del av Nea-Nidelvvassdraget.
Remove ads
Fiske
Næringsproduksjon for fisk er stor og dette gir tildels stor fisk av god kvalitet. I den øvste delen av Nidelva er det auren som dominerer, og mellom Nedre- og Øvre Leirfoss er det førebels fritt fiske[1]. Dei nedste åtte kilometrane av Nidelva er lakseførande. Den lakseførande strekninga går gjennom Trondheim sentrum opp til Nedre Leirfoss. Nidelva har ein storvaksen laksestamme, og nesten kvart år blir det fanga laks på over 20 kg. Rekordlaksen er frå 1954 og var på 31,8 kg. Fangstane er også gode, årleg vert det fanga mellom tre og ti tonn laks[2].
- Øvre Leirfoss av John William Edy, 1800
- Vald 8, Fossumhølen
- Tømmerfløyting i Nidelva ca. 1910-1915Foto: Trondheim byarkiv
- Bryggene i Nidelva på 1950-taletFoto: Trondheim byarkiv
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Nidelven Stille Og Vakker Du Er Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine.
- Utløpet av Nidelva
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads