Niels Bohr

dansk fysikar og nobelprisvinnar From Wikipedia, the free encyclopedia

Niels Bohr
Remove ads

Niels Henrik David Bohr (7. oktober 188518. november 1962) var ein dansk fysikar som har gjeve avgjerande bidrag til forståinga av atomet sin struktur og utviklinga av kvantemekanikken. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922. Eit bilete av han pryder den danske femhundrekronesetelen i serien frå 1997.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Bohr blei fødd den 7. oktober 1885 i København. Foreldra hans var Christian Bohr og Ellen Adler. Han døydde same stad den 18. november 1962.

I ungdomen sin spelte han fotball for Akademisk Boldklub, og var ein ivrig seglar. Bohr blei utdanna ved Universitetet i København i 1911, deretter fór han til Manchester i England og forska hos Ernest Rutherford. I 1913 offentleggjorde han ei skildring av atomet sin struktur. Denne skildringa er seinare blitt kjent som Bohr-modellen. Bohr blei i 1916 utnemnd til professor ved Universitetet i København. I 1921 kunne ein innvie det nyoppretta Universitetets Institut for Teoretisk Fysik på Blegdamsvej, med Niels Bohr som leiar. Han åt middag med kongefamilien i Noreg den 8. april 1940, rett før invasjonen av Noreg og Danmark. Han elska å gå på ski i fjella, spesielt i Noreg. Saman med Werner Heisenberg og andre arbeidde han i åra frå 1924 til 1927 med det som har vorte kalla København-tolkinga av kvantemekanikken.

Niels Bohr sin son Aage Niels Bohr blei sjølv tildelt Nobelprisen i fysikk i 1975.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads