Nils-Øivind Haagensen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nils-Øivind Haagensen (fødd 29. juli 1971)[1] er ein norsk forfattar og journalist. Haagensen er fødd i Ålesund og busett i Oslo.
Haagensen har hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, men har òg studert samanliknande politikk og religionsvitskap. Han jobba som kulturjournalist i Klassekampen i ei årrekke, men forlet avisa i april 2008 for å skipa forlaget Flamme Forlag med tidlegare redaktør for bokmagasinet i same avis, Bendik Wold. Forlaget er eit dotterselskap av CappelenDamm. Forlagsredaktørane Haagensen og Wold kallar sjølv forlaget eit «allemannsforlag», som primært skal gi ut «ny norsk skjønnlitteratur».[2]
Haagensen var i fleire år redaktør for antologien Signaler. I 2004 mottok Haagensen Sult-prisen. Han var innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2013 for God morgen og god natt.[3]
Remove ads
Bibliografi
- Åtte dikt i Signaler – debutant-antologi (1995)
- Hender og hukommelse – dikt (1998)
- Et godt sted – dikt
- Det radioaktige – roman (2001)
- 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring – dikt (2002)
- Enkelte dikt – dikt (2003)
- Nils-Øivind Haagensen skriver – dikt (2005)
- Møt meg, møt meg, møt meg – reisebok (2006)
- Hvorfor er jeg så redd? – dikt (2007)
- Drit i døden - Her er Dan Turèll – gjendikting saman med Bendik Wold (2007)
- Jack Kerouac: San Fransisco Blues – gjendikting (2008)
- Brenn ned skiten – (2009)
- Haruki og jeg – lyrikk (2010)
- God morgen og god natt – lyrikk (2012)
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads