Nils van der Poel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nils van der Poel
Remove ads

Nils Göran van der Poel (fødd 25. april 1996) er ein svensk tidlegare skeiserennar frå Trollhättan som i 2022 vart olympisk meister på både 5 000 meter og 10 000 meter. Eitt år tidlegare vann han VM-gull på dei same to distansane. Han la opp etter å ha vorte verdsmeister i firkamp i mars 2022.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Poel fekk sitt gjennombrot då han vann milløpet ved Skeise-VM 2018 framom verdsmeisteren Patrick Roest og sjølv enda på sjetteplassen. Tre år seinare vart han fjerdemann i europameisterskapen, etter å ha vunne milløpet på sterke 12.42,8. Under verdsmeisterskapen 2021 i Heerenveen sigra han på 5 000 m. Tre dagar etter, den 14. februar, sette han verdsrekord med 12.32,9 då han sikra seg gullmedaljen på suverent vis på 10 000-meteren. 3. desember 2021 tok han over som verdsrekordhaldar også på 5 000 m, med di han vart klokka inn på 6.01,5 ved eit verdscupstemne i Salt Lake City. Under Vinter-OL 2022 kneip Poel gullmedaljen på 5 000 m, før han den 11. februar forbetra sin eigen verdsrekord på 10 000 meter til 12.30,7 og tok OL-gull nummer to. Helga 5.–6. mars 2022 avslutta Poel med å gå til topps i verdsmeisterskapenHamar. Han slo andremann Patrick Roest med over 1 tidspoeng og la opp.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nils van der Poel
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads