Heerenveen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Heerenveen
Remove ads

Heerenveen (vestfrisisk It Hearrenfean) er ein kommune i provinsen Friesland i Nederland med kring 50 000 ibuarar (2021), og med eit flatemål på 187,8 km². Knapt 30 000 menneske bur i sjølve byen Heerenveen, resten held hus i 15 landsbyar.

Thumb
Skeisehallen Thialf
Kjappe fakta Land, Areal ...

Byen Heerenveen vart grunnlagd i 1551. Han har særleg vokse mykje etter andre verdskrigen, og er i dag ein av dei største i Friesland. Byen er særleg kjend for skeisehallen Thialf, der det sidan 1970 er vorte arrangert over 40 ulike internasjonale meisterskap i lengdeløp på skeiser. Også den lokale fotballklubben SC Heerenveen har markert seg med sine nasjonale prestasjonar. Sykkelfabrikanten Batavus, med om lag 700 tilsette, har ei over hundreårig historie og eksporterer over halvparten av den årlege produksjonen.

Remove ads

Ymse

Økonomen Wim Duisenberg og skeiseløpararane Falko Zandstra og Sven Kramer er frå Heerenveen.

Ei rad norske fotballspelarar har gjort teneste i SC Heerenveen, mellom dei Børre Meinseth, Thomas Holm, Daniel Berg Hestad, Christian Grindheim, Tarik Elyounussi og Martin Ødegaard.

Utsyn over Heerenveen

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads