Sinjar-distriktet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sinjar-distriktet
Remove ads

Sinjar-distriktet (kurdisk Şengal, Şingal eller Şingar) er eit distrikt i Ninive guvernement i Irakisk Kurdistan. Det administrative setet er byen Shingal. Distriktet har to underdistrikt, al-Shemal og al-Qayrawan. Distriktet er eit av to store folkesenter for jesidiar. Det andre er Shekhan-distriktet.[1]

Kjappe fakta Land, guvernement ...
Remove ads

Historie

Distriktet vart oppretta i 1934.[2]

I august 2014 pågjekk kringsetjinga av Sinjarfjella mellom militante sunnimuslimar frå Den islamske staten (ISIL) og kurdiske Peshmerga, som førte til masseutvandring av innbyggjarane, særleg jesidiane, som av Den islamske staten vart kalla «djeveldyrkarar» etter Peshmerga vart slått.[3]

Ein kurdisk Peshmerga-leia offensive skjedde frå 17. til 21. desember 2014, som førte til slutten på kringsetjinga av Sinjarfjella og frigjorde området frå IS.

I følgje kurdiske kjelder vart det funne ni jesidiske massegraver etter offensiven. Atten jesidiske heilagdomar vart øydelagd av IS sidan juni 2014.[4]

Remove ads

Geografi

Distriktet grensar til og har ein grenseovergang til Syria.[5] Distriktet ligg 136 km frå byen Mosul, hovudstaden i Nineveh guvernement.[2] Sinjarfjella ligg i distriktet.

Busetnader

  • Ain al-Ghazal, sunni
  • Bahrava, jesidi
  • Bare, jesidi
  • Borek, jesidi
  • Chiri, jesidi
  • Dohula, jesidi
  • Duguri, jesidi
  • Gir Azêr, jesidi
  • Gohbal, jesidi
  • Hayali, jesidi
  • Khana Sor, jesidi
  • Khazuga, sunni
  • Majnuniyê, jesidi
  • Qayrawan eller Qairouan, òg kalla Balij eller Bulayj, sunni
  • Sayer, sunni
  • Sîba Şêx Xidir, jesidi
  • Shingal, jesidi, distriktssenter
  • Sinone, sinuni, jesidi
  • Sibaya, sunni
  • Solagh, jesidi
  • Wardiyê/Zirafki, jesidi
  • Zorava, jesidi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads