No Regrets av The Walker Brothers
studioalbum av The Walker Brothers From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
No Regrets er det fjerde studioalbumet til den amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Albumet kom ut i 1975 og var den første til gruppa sidan 1967. Det nådde 49. plassen på UK Albums Chart[2] og inneheld singelen «No Regrets». Singelen kom ut med B-sida «Remember Me», som ikkje finst på albumet, og vart den siste store hitten til gruppa med ein sjuandeplass på UK Singles Chart tidleg i 1976.[2]
Albumet var heilt annleis frå musikken gruppa gav ut i 1960-åra. Arrangementa var framleis ofte grandiose og ofte med orkester, men den generelle musikkstilen låg nærare country og pop. Albumet var det første som ikkje inneheldt songar skrivne av verken Scott Walker eller John Walker. Den einaste nye songen til John Walker, «Remember Me», vart gjeven ut som B-sida til «No Regrets». Det påfølgjande albumet til gruppa, Lines, inneheld ein song av John Walker skriven under eit psevdonym, medan Scott Walker ikkje bidrog med nye songar før 1978 med albumet Nite Flights
Remove ads
Mottaking
No Regrets fekk middels kritikk då det kom ut. Dave Thompson skreiv for Allmusic at tittelsporet var «brilliant»[3] og «eit gigantisk stykke sentimental sorg som vrei ut kvar siste tøddel av smerte frå stemma til Scott».[3] Thompson kritiserer resten av albumet og seier at det «stinkar»,[3] men hyllar «He'll Break Your Heart» og «Burn Our Bridges».
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- akustisk gitar - John Walker, Judd Procter, Len Walker, Scott Walker
- akustisk gitar, elektrisk gitar - Alan Parker
- korvokal - Suzanne Lynch, Bones
- bass - Darryl Runswick
- dirigent - Steve Grey
- trommer - Barry Morgan
- trommer, Percussion - Dougie Wright
- elektrisk gitar - Ritchie Hitchcock
- pedalsteelgitar - B.J. Cole
- orkester - David Katz Orchestra
- perkusjon - Chris Karan, Gary Walker
- akustisk piano - Steve Grey
- elektrisk piano - Dave McRae
- lydteknikar - Phil Harding
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads