Nobody's Perfect
musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nobody's Perfect er eit konsertalbum frå 1988 av Deep Purple. Det vart spelt inn under The House of Blue Light-turneen i 1987 i Europa i USA. Albumet nådde 105. plass på Billboard 200 i USA.[2]
Kvar song på albumet vert tona ut. Albumet inneheld òg ein ny studioversjon av «Hush» til minne om 20-årsjubileet. «Black Night» vart òg spelt inn på ny, men ikkje gjeven ut. «Hard Lovin' Woman» inneheldt delar av «Under The Gun» under gitarsoloen til Blackmore. «Strange Kind of Woman» inneheld refrenget frå «Superstar» frå Jesus Christ Superstar. «Woman from Tokyo» glir over i «Everyday» (Buddy Holly) halvvegs gjennom. Albumet representerte setlista til Deep Purple på den tida, som bestod av mykje det same som Made in Japan, i tillegg til nyare songar frå gjenforeiningsalbuma Perfect Strangers og The House of Blue Light. Songar som «The Unwritten Law» og «Difficult To Cure» vart spelt på kvar konsert, men er ikkje med på dette albumet.
Remove ads
Innhald
Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, bortsett frå der andre er nemnde
1999-utgåva
Original CD-versjon
Remove ads
Medverkande
- Ritchie Blackmore - gitar
- Ian Gillan - vokal, congatrommer, munnspel
- Jon Lord - orgel, tangentinstrument
- Roger Glover - bass
- Ian Paice - trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads