Hush

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Hush» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Joe South for Billy Joe Royal. Royal gav songen ut som singel og denne nådde 52. plass på Billboard Hot 100 i 1967.[1] Refrenget byrjar med «Hush, hush, I thought I heard her calling my name», som er henta frå ein tradisjonell gospelsong.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Deep Purple-versjonen

Songen vart så spelt inn av det britiske hardrockbandet Deep Purple for debutalbumet deira Shades of Deep Purple i 1968. Songen vart den første hitsingelen deira og nådde fjerdeplass i USA og andreplass i Canada, medan han selde dårleg i Storbritannia.

For å feire 20-årsjubileet til bandet, spelte Deep Purple songen inn på ny i 1988 for albumet Nobody's Perfect. Songen nådde då 62. plass i Storbritannia og 44. plass på Hot Mainstream Rock-lista i USA.

Remove ads

Andre versjonar

  • Låtskrivaren Joe South spelte inn «Hush» i 1968 til sitt andre album Games People Play.[2]
  • Den britiske songaren Kris Ife gav ut ein versjon i desember 1967 (MGM Records singel).
  • Tommy Körberg spelte inn «Hush» til albumet Nature Boy i 1968, kreditert til Tom.[3]
  • Merrilee Rush spelte inn «Hush» i 1968 på albumet hennar Angel of the Morning.[4]
  • Love Affair spelte inn «Hush» til albumet The Everlasting Love Affair frå 1968.[4]
  • Ei singelutgiving frå 1973 av «Hush» av Jeannie C. Riley, frå albumet hennar Just Jeannie, nådde 51. plass på Billboard C&W chart.[4]
  • Det sveitsiske bandet Gotthard inkluderte ein cover på sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1992. Dei framførte òg låten live med Jon Lord som gjestespesialist på Zermatt Unplugged-festivalen i 2008.
  • Jenny Rock, ein kanadisk artist, spelte inn ein fransk versjon i 1970 med tittelen Mal (produsert av Michel Pagliaro).
  • Kula Shaker spelte inn ein versjon som nådde andreplass på den britiske hitlista i 1997 og vart brukt på soundtracket til I Know What You Did Last Summer og i marknadsføringa av Kingsman: The Secret Service.
  • Somebody's Image spelte inn ein versjon som vart ein mindre hit i Australia i 1967.
  • The Partridge Family framførte ein versjon i TV-serien sin, med David Cassidy på vokal.
  • Milli Vanilli spelte inn ein versjon på debutalbumet All or Nothing i 1988.
  • Complex spelte inn ein versjon på sitt første sjølvtitulerte studioalbum i 1970.
  • Funky Junction spelte inn ein versjon av «Hush» på sitt einaste album Funky Junction Play a Tribute to Deep Purple i 1973. Bandet bestod av Phil Lynott, Eric Bell og Brian Downey frå Thin Lizzy.[5]
  • Captain Jack gjorde ein versjon av «Hush» på Eurodance-albumet Party Warriors, gjeve ut i Europa i 2003.[6]
Remove ads

Medverkande

1968-versjonen

1988-versjonen

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads