Nobody Home
song av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Nobody Home» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen er gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979.
I denne songen skildrar hovudpersonen Pink det einsame livet sitt bak den mentale muren sin. Han har ingen å snakke med, og alt han har er ting rundt seg. Enkelte referansar til Pink sitt øydelagde ekteskap vert òg nemnd, og heile lydbilete til songen er som om han skulle vore spelt på eit piano i ein bar. Songen skildrar noko av det same Waters sjølv gjekk igjennom under turnéen til Pink Floyd i 1977, som var bandet sin første store stadionturné. Songen har òg referansar til Pink Floyd sin tidlegare frontfigur, Syd Barrett, som fekk svært dårleg psykisk helse etter omfattande narkotikabruk. Gilmour har i seinare intervju fortalt at songen skildrar korleis mange rockestjerner på turné tenkjer.
Tekstlinjene
I got nicotine stains on my fingers
I got a silver spoon on a chain
Got a grand piano to prop up my mortal remains
handlar derimot om Richard Wright, som hadde eit problem med kokain på den tida.[1]
Remove ads
Fakta
- Dette var den siste songen som vart skrive for The Wall.
- I songen kan ein høyre «Surprise! Surprise, Surprise!» i bakgrunnen, som er henta frå TV-serien Gomer Pyle, USMC.
Medverkande
- David Gilmour – bassgitar
- Roger Waters – vokal, EMS VCS 3
- Richard Wright – Prophet-5 synthesiser
med:
- Bob Ezrin – piano
- New York Symphony Orchestra
Personell per Fitch og Mahon.[2]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads