Nodul i medisin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nodul i medisin
Remove ads

Ein nodul, ofte kalla ved det latinske namnet nodulus (pl. noduli), er ein liten, forhøgja knute fylt med betent vev eller ei blanding av vev og væske. Den kan ligge i eller under huda og har ein diameter på meir enn 0,5 cm.[1] Noduli kan oppstå på sener og musklar som følgje av skade. Dei er oftast godarta og smertelause, men kan somme gonger forstyrre funksjonen i eit organ.

Thumb
Skjoldbruskkjertel med vondarta tyreoideaknutar.

Døme på noduli er røystbandsknutar, giktknutar og tyreoideaknutar.[2][3] Furunklar og Kaposis sarkom er kjend for å valde noduli i huda. Gonoré, ein seksuelt overførbar sjukdom, er kjend for å valde noduli på kjønnsorgan og i munnen.

Ein blautvevslesjon mindre enn 0,5 cm (og opptil 1 cm) blir gjerne kalla ein papel.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads