Nof HaGalil

by From Wikipedia, the free encyclopedia

Nof HaGalil
Remove ads

Nof HaGalil (hebraisk נוֹף הַגָּלִיל, arabisk نوف هچليل), frå 1958 til 2019 Nazerat Illit (hebraisk נָצְרַת עִלִּית, «Øvre Nasaret»), er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Mot slutten av 2007 hadde han eit folketal på 40 800.[2] Byen vart grunnlagd i 1957. Han var planlagd som ein jødisk by med utsyn over den arabiske byen Nasaret og Jezreeldalen.[3] I dag er 23 % av innbyggjarane arabarar.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Jezreeldalen frå Nof HaGalil

Planlegginga av Nof HaGalil starta tidleg i 1950-åra då utviklingsbyar som Karmiel og Beit She'an vart grunnlagd. Det var økonomi- og tryggleiksårsaker for å utvikle ein by i denne regionen.[4]

Det vart ekspropriert ein parsell på kring 1,2 kvadratkilometer med land, kring halvparten innanfor kommunegrensa til Nasaret, i 1954, basert på ei lov som gav løyve til eksproprieringar for offentlege føremål. Protestar mot denne handlinga gjekk heilt til høgsteretten i Israel, som i 1955 aksepterte orda til staten om at dei berre skulle reise statlege anlegg på landområdet. Det var då likevel avgjort at berre 109 dekar skulle setjast av til offentlege bygg, og resten skulle nyttast til bustadområde. Dei første husa var ferdige i september 1956, og dei første innbyggjarane flytta inn seinare det året.[5]

Remove ads

Demografi

Thumb
Nof HaGalil rådhus

Ifølgje SSB bestod folkesetnaden i 2001 av 91,0 % jødar og andre ikkje-arabarar og 9,0 % arabarar (2,3 % muslimar og 6,7 % kristne). I 1990-åra var Nazerat Illit den byen i landet som utvikla seg raskast, med ein vekstrate på nesten 70 %. Nykomarar omfatta mellom andre emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Sør-Amerika, i tillegg til nokre unge par.[3] I 2012 utgjorde arabarane 17 % av dei 40 000 innbyggjarane i byen.[6]

Remove ads

Økonomi

Thumb
Strauss-Elite-fabrikken i Nof HaGalil

Sjokoladefabrikken til Strauss-Elite tilset meir enn 600 arbeidarar.[7]

Forbod mot juletre

I 2010 nekta borgarmeisteren Shimon Gapso å la dei kristne arabarane å setje opp juletre på byplassane i dei arabiske og muslimske bydelane, og sa at det var «provoserande», og at Nazerat Illit var ein jødisk by. Arabarane svarte at jødar, kristne og muslimar levde der i fred, og at føremålet med å pynte eit tre var å spreie glede. Borgarmeisteren vart skulda for rasisme. Han fortalte ei lokal arabisk avis at om han hadde vore til stades under kampane mellom israelarar og arabarar der i 2000, så hadde fleire arabarar vorte drepne.[8][9]

Remove ads

Idrett

Hapoel Nazerat Illit er det største fotballaget i Nof HaGalil. Dei rykte opp til den øvste divisjonen i 2003, men rykte ned att i 2006 til Liga Leumit, det nest øvste nivået, der dei spelar i dag.[10] Det andre fotballaget i byen, F.C. Nazerat Illit, spelar i Liga Gimel.

Basketball-laget i byen er Hapoel Nazerat Illit og spelar på det fjerde nivået i seriesystemet i Israel.

Venskapsbyar

Nof HaGalil er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads