Nomadeand
art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nomadeand (Anas gracilis) er ei grasand funnen på ope våtmarker i Australia, på Ny-Guinea, New Zealand, Vanuatu og Ny-Caledonia. Ho hekkar berre i Australia og på New Zealand.
Remove ads
Skildring
Nomadeanda er ei mellomstor and, ca. 43 centimeter med kroppssvekt på gjennomsnittleg 525 og 425 gram for hannar og hoer høvesvis. Ho er brunspraglete med kvite og grøne vengespeglar. Kjønna har lik utsjånad, i motsetnad til den nærskylde kastanjeand, der hoer og hannar er påfallande ulike. Nomadeanda har nesten identisk fjørdrakt til hoa av kastanjeand, men nomadeanda kan vere prega av lysare nakke og bleikare andlet. Ungfuglar av nomadeender er bleikare enn vaksne, spesielt på hovudet.
Ein gong var nomadeanda endemisk for Australia som utbreidd hekkefugl, men ho spreidde seg til New Zealand på 1950-talet. Ho er no vel etablert i store delar av landet, inkludert regionane Hawke's Bay, Waikato, Manawatu-Wanganui og Wairarapa på Nordøya, og dessutan austsida av Sørøya. Etter hekkinga på New Zealand kan dei flokkast i estuar om vinteren. I Australia er ho særs nomadisk og er streiffugl til Ny-Guinea, Vanuatu, Salomonøyene og Ny-Caledonia.
Dietten består av vassplantar og virvellause dyr som vassbiller og mygg.[1]
Hekkinga er knytt til regntida i Australia. Reira er vanlegvis bygd i hole tre nær vatn der dei legg typisk 7 kremfarga egg i kullet. Hoa rugar i ca. 25–31 dagar og ungane dreg på vatnet straks etter klekking. Det eldste kjente individet av nomadeand i Australia blei over 21 år, men gjennomsnittleg levetid er ca. 3 år.[1]
Arten har status som livskraftig, og den globale bestanden er estimert til over 1 million individ, og er trudd å vere minkande.[2] På New Zealand auka storleiken på populasjonen frå mindre enn 20 000 til ca. 50 000 frå tidleg 1970-talet til 2005.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads