Vanuatu
land i Oseania From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. 1 750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane. Koloninamnet var Ny-Hebridane. Dette namnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.
Remove ads
Provinsar
Vanuatu består av 6 provinsar:
- Malampa
- Penama
- Sanma
- Shefa
- Tafea
- Torba
Geografi
Vanuatu består av over 83 øyar. To av desse - Matthew- og Hunterøyane - vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.
Klima
Vanuatu har eit tropisk maritimt klima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og det er mange tyfonar frå november til april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.
Fakta
- Etniske folkegrupper: melanesiarar 98 %, andre (mellom anna franskmenn, vietnamesarar, kinesarar)
- Religion: presbyterianarar 36,7 %, anglikanarar 15 %, katolikkar 15 %, stadeigne religionar 7,6 %, sjuandedagsadventistar 6,2%, anna 19, 7%
- Folkesetnaden si middellivslengd: 61,7 år
- Spedbarnsdødstal: 5,8 %
- Språk: Engelsk, fransk, bislama (pidgin) og meir enn hundre lokale språk
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Invest in Vanuatu
- Finn Vanuatu
- Interaktive kart over Vanuatu
- Kart over Vanuatu
- Vanuatu Kava
- Jane si Vanuatu-side
- Oppdag Vanuatu med seglskipet Søren Larsen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads