Nutsa Buzaladze
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nutsa Buzaladze [a] (fødd 28. januar 1997 i Tbilisi), nokre gongar kjend mononymt som Nutsa, er ein georgisk songar og låtskrivar. Ho representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Firefighter».
Bakgrunn
Buzaladze blei fødd i Tbilisi, men vaks opp i Tyrkia.[1][2] Frå ho var 5 opptredde ho som ein del av ei barnegruppe, og var seinare hovudvokalist og gitarist i eit anna ensemble. Ho byrja å ta pianotimer då ho var 8 år gammal.[3]
Buzaladze har budd i Los Angeles, der ho fekk musikalsk erfaring, og Dubai, som blei den faste bustaden hennar frå og med 2024.[1][4]
Karriere
Buzaladze byrja solokarrieren sin i 2011, då ho deltok i Georgia's Got Talent. I 2014 fekk ho internasjonal merksemd då ho representerte Georgia i, og vann, New Wave Music Festival som blei halden i Jūrmala i Latvia. I løpet av dei påfølgjande åra deltok ho i The Voice of Turkey, Two Stars Georgia og dei georgiske versjonane av Your Face Sounds Familiar og Skal vi danse. Ho har samarbeidd med den tyrkiske songaren Hadise, som også var mentoren hennar i The Voice of Turkey.[1][5]
I 2017 gav Buzaladze ut songen «White Horses Run», som ho blei nummer to med i den georgiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2017.[6] I 2019 ga Buzaladze ut debutalbumet sitt Nutsa22, som inneheld cover av georgiske songar og originale engelskspråklege komposisjonar; dette blei etterfølgd av gjennombrothitten hennar «Gelodebi».[4] Kort tid etter gav ho ut ein vellykka singel i Russland.
I 2020 og 2021 deltok Buzaladze i den russiske versjonen av All Together Now.[1] Ho opptredde på Expo 2020 i Dubai, i tillegg til på Dubai National Theatre og Dubai Opera.[1][4] Ho deltok i kategorien «International Artists» i den albanske songtevlinga Kënga Magjike 2021, der ho enda på fyrsteplass. Ho deltok i den 21. sesongen av American Idol i 2023, kreditert mononymt som Nutsa, og enda blant dei 12 beste.[4][5][7]
Den 12. januar 2024 blei Buzaladze kunngjord som den georgiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[4] Songen hennar «Firefighter», som ho skulle delta i Eurovision med, blei gjeven ut 11. mars 2024.[8] I Eurovision Song Contest kvalifiserte ho seg til finalen og enda til slutt på 21. plass med 34 poeng.[9]
Remove ads
Merknadar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads