Ny-Frankrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Statthalderskapet Ny-Frankrike (fransk Vice-royauté de Nouvelle-France) var området som Frankrike koloniserte i Nord-Amerika, i perioden som startar med utforskinga til Jacques Cartier av St. Lawrence-elva i 1534, til Ny-Frankrike vart avstått til Spania og Storbritannia i 1763. På det største i 1712 (før Utrecht-traktaten) dekte Ny-Frankrike området frå Newfoundland til Rocky Mountains, og frå Hudsonbukta til Mexicogolfen. Området vart så delt i fem koloniar, kvar med sitt eige styre: Canada, Acadia, Hudsonbukta, Newfoundland, (Plaisance) og Louisiana. Utrecht-traktaten gjorde at Frankrike gav opp krava på fastlandsdelen av Acadia, Hudsonbukta og Newfoundland, og oppretta kolonien Île Royale (Cape Breton-øya) som etterfølgjaren til Acadia.[1]
I dag er det berre øygruppa Saint-Pierre og Miquelon av Ny-Frankrike som framleis er under fransk kontroll.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

