O mie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«O mie» (rumensk for 'Tusen'), tidlegare «A Million» (engelsk for 'Ein million'), var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen var skriven av Pasha Parfeny og Iuliana Scutaru og vart framført på rumensk av Aliona Moon.
Remove ads
O melodie pentru Europa 2013
24 bidrag vart valt ut av TeleRadio Moldova (TRM) delt inn i to ulike semifinalar i O melodie pentru Europa 2013, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Aliona Moon fekk delta med den engelskspråklege songen «A Million».
Semifinale 1
Songen starta som nummer åtte, etter «You'll Be Mine» av Vitalie Negruţă og før «Amadeus» av Ruslan Ţaranu. Bidraget enda på andreplass med 19 poeng, sju frå fjernsynssjåarane og 20 frå juryen, og gjekk vidare til finalen.
Finalen
Songen starta som nummer 14, etter «Codename Felice» av Felicia Dunaf. Bidraget fekk totalt 22 poeng, ti frå fjernsynssjåarane og tolv frå juryen, og vann tevlinga. På eit møte på hovudkontoret til TRM 18. mars 2013 vart det stadfesta at ein ville endre songteksten frå engelsk til rumensk.[1] Den rumenske versjonen av songen fekk tittelen «O mie».[1]
Remove ads
Eurovision Song Contest 2013
Etter sigeren i O melodie pentru Europa 2013 vart det klårt at «O mie» av Aliona Moon ville representere Moldova i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Moldova vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1
Songen starta som nummer tolv, etter Kviterussland med «Solayoh» av Alena Lanskaja og før Irland med «Only Love Survives» av Ryan Dolan.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «O mie» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads