Octavio Paz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Octavio Paz (31. mars 1914–19. april 1998) var ein meksikansk forfattar, poet og diplomat.
Han fekk i 1990 Nobelprisen i litteratur «for ein intens skrivestil med vide horisontar, prega av forståing for det sanselege og med humanistisk integritet.»[1][2]
Remove ads
Liv
Octavio Paz gjekk inn i det meksikanske diplomatiet i 1945. Fram til 1962 var han i Frankrike der han mellom andre samarbeidde med Pablo Neruda. På denne tida kom El laberinto de la soledad («Einsemdas labyrint»), ein studie i den meksikanske og latinamerikanske identiteten. Verka hans har surrealistiske trekk etter påverknad frå og samarbeid med André Breton, Benjamin Péret og andre.
Under den spanske borgarkrigen deltok Paz på republikanarane si side. I 1962 blei han meksikansk ambassadør i India, men i protest mot Tlatelolcomassakren avslutta han si diplomatiske karriere i 1968.
Til dei viktigaste lyriske verka hans høyrer Piedra de sol («Solstein») frå 1950-åra, som blei så viktig for den latinamerikanske litteraturen at det kan samanliknast med det T.S. Eliots The waste land fekk å seie for engelskspråkleg litteratur. Dessutan Blanco («Kvit») frå 1960-åra og Pasado en claro frå 1970-åra.
Verk omsett til norsk og dansk
- Klarhedens skrift (Pasado en claro), dikt, Århus: Husets Forlag, 1991, 29 sider. Dansk. ISBN 87-7483-258-1
- Hymne mellom ruiner, dikt, Oslo : Vika forlag, 64 sider. Gjendikta til norsk av Åse-Marie Nesse, Kolbein Falkeid, Kjartan Fløgstad og Kari Risvik. ISBN 8273700062
- Avantgardens solnedgang (El ocasio de la vanguardia frå essaysamlinga Los hijos del limo), Cappelen 1993 (Cappelens upopulære skrifter), 93 sider. Omsett til bokmål av Bertil Knudsen og Jørgen Gaare
- Saltomortalens time, Oslo : Dreyer, 1991. Utval og gjendikting til bokmål ved Åse-Marie Nesse
- Rappaccinis datter, skodespel, Oslo : Dreyer , 1991, 75 sider. Omsett til bokmål av Åse-Marie Nesse
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads