Old Man of Hoy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Old Man of Hoy
Remove ads

Old Man of Hoy (‘den gamle mannen på Hoy’) er ein 137 meter høg staur av gammal raud sandstein vest for øya Hoy i Orknøyane i Skottland. Han er eit kjent landemerke som ein kan sjå frå ferja mellom Thurso og Stromness. Klippa er òg eit populært klatremål.

Kjappe fakta Old Man of Hoy 58.886152777778°N 3.4321416666667°W / ...
Thumb
The Old Man of Hoy, sett frå sør
Remove ads

Historie

Klippa er truleg mindre enn 400 år gammal og det finst indikasjonar på at han snart kan kollapse. På kart frå 1600 til 1750 er området teikna som eit nes utan stauren. Landskapsmålaren William Daniell teikna klippa i 1817 som ei breiare søyle med ein mindre del på toppen og ein boge ved basen. Under ein storm tidleg på 1800-talet vart ein del av basen på klippa vaska bort, og det pågår framleis erosjon på klippa.

Klippa vert vist i ein sketsj i Monty Python's Flying Circus og i opninga av musikkvideoen til Eurythmics-songen «Here Comes the Rain Again».

Thumb
The Old Man of Hoy

Klippa vart første gong klatra i 1966 av Chris Bonington, Rusty Baillie og Tom Patey i løpet av tre dagar. I 2008 vart òg det første basehoppet gjort frå toppen av klippa.[1] Ein kan sjå hoppet på youtube her.

Remove ads

Sjå òg

Thumb
Lange Anna på Helgoland i Tyskland
  • The Old Man liknar ein annan staur, landemerket til Helgoland, Lange Anna.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads