Stromness

by på Orknøyene, Skottland From Wikipedia, the free encyclopedia

Stromnessmap
Remove ads

Stromness er den nest største byen i han skotske øygruppa Orknøyane, med 2 000 innbyggjarar og ligg sørvest på den største øya Mainland. Byen fekk status som burgh i 1620 og har ferjesamband til Scrabster på det skotske fastlandet.

Kjappe fakta skotsk-gælisk, Plassering ...
Remove ads

Namnet Stromness kjem frå det norrøne namnet Straumrnes. På 1300-talet omtalar kjelder staden som Strumnay. Namnet Stromness dukkar opp for første gongen i 1544.

Forfattaren George Mackay Brown blei fødd og budde mesteparten av livet i Stromness.

Remove ads

Historie

Orknøyingane si saga fortel at i september 1152 tok jarl Harald Maddadsson tilflukt for fetteren sin Erlend Haraldsson og Svein Asleivsson i festninga Castle Cairston ved Straumnes (Stromness). To år seinare var tilhøvet snudd og Erlend vart drepen.

Stromness hadde gode tider på 1600- og 1700-talet, då byen vart ein stoppestad for handelsskipa på veg frå den nye verda.

Krigane mellom England og Frankrike gjorde at ferdsel i Den engelske kanalen var knytt til stor risiko, og mange skip la om ruta til nord for Skottland og brukte Stromness som stoppestad.

Stromness var eit sentralt punkt for Hudson Bay Company, som i 1670 avgjorde seg for å ha staden som siste stopp på veg til Canada og som første stopp på veg til Europa. Stromness hadde på det tidspunktet berre 13 hus. Dette markerte starten på ein langvarig oppgangsperiode.

Thumb
Stromness
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads