Område i Kristiansand Dyrepark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Område i Kristiansand Dyrepark gjev oversyn over område i Kristiansand Dyrepark.
Abra Havn
Abra Havn er eit overnattingsområde utforma som ein sjørøvarlandsby i Kaptein Sabeltann si ånd. Han opna i 2012.[1]

Afrika
«Afrika» er namnet på området der ein huser afrikanske dyr, som løver, sjiraffar, sebraer, antiloper, strutsar og ulike mindre dyr.[2]
Apejungelen
- For meir om dette emnet, sjå Apejungelen.
Apejungelen vart opna i 1994 av Morten Harket og er eit stort tropehus. I Apejungelen finst mellom anna store og små apar, fuglar og tropisk fisk.
Asia
«Asia» er namnet på området der ein huser asiatiske dyr. Her held ein mellom anna tiger, orangutang og gibbonapar.[3]
Banda Afrika
Banda Afrika er inneområdet til ulike afrikanske dyr. Det er ope heile året.[2]
Barnas fredsmonument
Barnas fredsmonument i Byparken utanfor Kardemomme by vart avduka 21. september 1996. Monumentet består av ein stor jettegrytestein med ein evigbrennande fredsflamme. Kvart konfliktområde i verda er representert ved kvar sin rullestein med namnet på staten. Intensjonen med verdas fyrste fredsmonument for barn var å etablere fleire liknande fredsmonument rundt om i verda. Fredsmonumenter i andre land skulle hente sin flamme frå modermonumentet i Kristiansand.
Remove ads
Båtbasaren
Båtbasaren er eit stort område for spel og aktivitet.

Den Sorte Dame
- For meir om dette emnet, sjå Den Sorte Dame.
«Den Sorte Dame» er eit sjørøvarskip som vart bygd i 1994. Skipet vart døypt av Wenche Foss i Oslo.
Edvards Hus
Edvards Hus vart opna i 2006, i samband med Dyreparken si feiring av 40-årsjubileumeet. Plassert i den eldste bygningen i Dyreparken, skapar Edvards Hus ein heilt spesiell atmosfære. Her kan du få et innblikk i Edvard Moseids arbeid i Dyreparken, frå han vart tilsett som gartnar i 1965, til han gjekk av som administrerande direktør i desember 1999.
Fugledam
Fugledammen er ein dam full av ulike fuglar like innanfor inngangen til Dyreparken.[3]
Fuglehuset
I Fuglehuset flyg fuglar fritt rundt. Det inneheld også andre dyr, som kvitøyra silkeape og løvetamarin.[4]

Grevinnen
- For meir om dette emnet, sjå Grevinnen.
«Grevinnen» (tidlegare «Klara») er ei sjørøvarskute som vart bygd i 1990.
Jungelland
Jungelland er eit stort utendørs leikeland.

Kapein Sabeltanns Verden
Kaptein Sabeltanns Verden er ein karibisk sjørøvarlandsby med vindskeive, vêrbitne hus. Han ligg i ei bukt ved Grashavet i Dyreparken. Der ligg også Miriams Forheksede Hus, Kaptein Sabeltanns Skattkammer, Grusomme Gabriels Gang, Kaptein Sabeltanns Smokkarium, Sjørøverteateret, Kaptein Sabeltanns Sjørøvergrill, butikkar og etestader.

Kardemomme by
- For meir om dette emnet, sjå Kardemomme by.
Kardemomme by er ein temapark. Han er laga etter boka Folk og røvere i Kardemomme by av Thorbjørn Egner.
Kilima Simba
Kilima Simba er eit stort anlegg for løvene, som har eit stort, moderne hus og uteområde.
Kiwanja
Kiwanja er ein stad med mange aktivitetar for born.
Kjuttaviga
Kjuttaviga er den inste bukta i Grashavet. Ei Sørlandsbrygge med etestader på rekkje og rad. På andre sida av bukta er det eit stort amfi der underhaldning finn stad.
KuToppen
KuToppen er eit bondegardsmiljø med norske gardsdyr.
Lavvoen
Lavvoen ligg inst i Nordisk Villmark.
Nordisk Villmark
Nordisk Villmark er det største området i Dyreparken. I Nordisk Villmark, som vart opna i 1992, fekk Dyreparken levandegjort sitt mangeårige ideal om at "menneskene innhegnes og dyrene går fri", takka vere eit sinnrikt brusystem med gangstiar høgt over bakken.
Savana
- For meir om dette emnet, sjå Savana.
Savana i Afrika-anlegget er ei stor, open slette der sjiraffar, sebraer, elgantiloper og strutsar går ute saman.

Skomakergata
Skomakergata i Dyreparken er bygd etter adventsserien Jul i Skomakergata, som vart produsert i 1978 etter eit manus av Bjørn Rønningen, og sendt fyrste gong på NRK i 1979.
Sørlandsbrygga
Sørlandsbrygga er ei brygge inst i Kjuttaviga.
Tapirshabono
Tapirshabono er ein lita søramerikansk avdeling for tapir og dovendyr.

Tigerens Rike
Tigerens Rike er eit tigeranlegg som vart opna 18. mai 2002. Det vart teikna av arkitekt Bjørn Egner, son av Thorbjørn Egner. Det kosta 17 millionar kroner å bygge. Dei to sibirske tigrane Ryeka og Ulysses var dei aller fyrste tigrane i Dyreparken. Dei kom 18. mai, og over 5000 menneske møtte opp for å få det fyrste glimtet av dyra.
Trolldalen
Trolldalen er ein eventyrdal full av ei rekkje kjende eventyrfigurar.
Tåkeskogen
I Tåkeskogen lever krokodillar, øgler, slangar, skjelpadder og andre tropiske dyr. Tåkeskogen er bygd som ein dunkel regnskog meint å gje dei besøkande ei heilt spesiell oppleving.
Villmarkshytta
Villmarkshytta er ei hytte i Nordisk Villmark.
Ønskebrønnen
Ønskebrønn der myntane som blir kasta oppi går til veldedige føremål.[5]
Aalborgtårnet
Aalborgtårnet er ein minikopi av Aalborgtårnet i Aalborg i Danmark. 5. august 2004 avduka borgameisteren i Aalborg, Henning G. Jensen, det spesielle tårnet, som skal stå som eit symbol på dei tette banda mellom Danmark og Noreg og mellom dei to venskapsbyane Kristiansand og Aalborg.
Bakgrunnsstoff
- Områder i Dyreparken Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads