Strutsar
slekt av strutsefuglar i strutsefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Strutsar (Struthio) er ei biologisk slekt med verdas største nolevande fuglar. Ho er einaste slekta i strutsefamilien, Struthionidae, som igjen er einaste familien i den biologiske ordenen Struthioniformes.
Strutsar | |
![]() Arten slettestruts Foto: Andrew Massyn | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Palaeognathae |
Orden: | Strutsefuglar Struthioniformes |
Familie: | Struthionidae |
Slekt: | Strutsar Struthio Linnaeus, 1758 |
Ein har funne 10 artar av slekta Struthio, 8 av desse er utdøydde. Dei tidlegaste fossila frå denne slekta er frå tidleg miocen, for 20-25 millionar år sidan, og kjem frå Afrika, så det er foreslått at dei oppstod der. Deretter hadde dei spreidd seg til Eurasia i midten til sein miocen, 5-13 millionar år.[treng kjelde] Ved ca. 12 millionar år hadde dei utvikla seg til storleiken som vi er kjent med i dag. På denne tida hadde dei spreidd seg til Mongolia og seinare til Sør-Afrika.[treng kjelde]
- Slettestruts, hann
- Somalistruts, hann
- Egg av slettestruts
Artslista
Struthio i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Slettestruts, Struthio camelus, Common Ostrich, Linné, 1758, (LC)
- Somalistruts, Struthio molybdophanes, Somali Ostrich, Reichenow, 1883, (VU)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.