On Every Street
studioalbum av Dire Straits From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
On Every Street er det sjette og siste studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut den 10. september 1991 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike albumet Brothers in Arms og On Every Street nådde toppen av den britiske albumlista og selde til platinaplate i USA.
Remove ads
Historie
On Every Street vart gjeven ut 10. september 1991 - over seks år etter det førre albumet deira - Brothers in Arms, og var det sjette og siste studioalbumet til Dire Straits. Det fekk middels kritikk og vart ikkje så populært eller suksessrikt som føregangaren, men selde likevel meir enn 10 millionar eksemplar verda over (seks millionar i Europa og ein million i USA). Det nådde 12. plassen på albumlista i USA og førsteplassen i Storbritannia. Albumet var produsert av Mark Knopfler og Dire Straits.
På denne tida bestod bandet av Knopfler, John Illsley, Alan Clark og Guy Fletcher, og med som studiomusikarar var mellom andre Paul Franklin, Phil Palmer, Danny Cummings og den amerikanske trommeslagaren Jeff Porcaro frå Toto.
Dire Straits marknadsførte albumet med ein langvarig verdsturne som varte til slutten av 1992. Bandet vart oppløyst i 1995 då Mark Knopfler starta ein solokarriere og gav ut debutalbumet sitt Golden Heart i 1996 (om ein ser bort frå tidlegare filmmusikkalbum), og har sidan gjeve ut mange soloalbum.
Albumet vart mastra på ny og gjeven ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 i det meste av verda, utanom i USA, der albumet først kom ut på ny i september 2000.
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
- Bonusspor på avgrensa versjon
Remove ads
Medverkande
- Dire Straits
- Mark Knopfler – vokal, gitar
- John Illsley – bass
- Alan Clark – organ, piano, synthesizer
- Guy Fletcher – synthesizer, korvokal
- Andre musikarar
- Danny Cummings – perkusjon
- Paul Franklin – pedal steelgitar, akustisk lapsteel (6)
- Vince Gill – gitar, korvokal (5)
- Manu Katché – perkusjon, trommer (1,7,11)
- George Martin – dirigent, strykearrangement (9)
- Phil Palmer – gitar
- Jeff Porcaro – trommer, perkusjon
- Chris White – fløyte, saksofon
- Produksjon
- Mark Knopfler og Dire Straits – produsentar
- Chuck Ainlay – lydteknikar
- Bill Schnee – lydteknikar
- Steve Orchard – assisterande lydteknikar
- Jack Joseph Puig – assisterande lydteknikar
- Andy Strange – assisterande lydteknikar
- Neil Dorfsman – miksing
- Bob Clearmountain – miksing (7)
- Jo Motta – prosjektkoordinator
- Paul Williams – fotografi
- Sutton Cooper – design
- Paul Cummins – design
Singlar
Det vart gjeve ut seks singlar frå On Every Street:
- «Calling Elvis»
- «Heavy Fuel»
- «On Every Street»
- «The Bug»
- «You and Your Friend» (utgjeve i Frankrike og Tyskland)
- «Ticket to Heaven» (utgjeve i Nederland)
Lister og salstrofé
On Every Street låg inne på den britiske albumlista i 36 veker.[3]
Album
Singlar
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads