Golden Heart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Golden Heart er det første soloalbumet til den britiske songaren og gitarist Mark Knopfler, gjeve ut 26. mars 1996 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Etter ein suksessrik karriere som leiaren for det britiske bandetDire Straits og ei rekkje kritikarroste filmmusikkalbum, gav Knopfler ut det første soloalbumet sitt, og trekte inn forskjellige stilartar han hadde vore borti sidan gjennombrotet hans i 1978.[1] Albumet nådde topp ti på albumlista i Austerrike, Belgia, Finland, Italia, Nederland, Noreg, Sverige, Sveits og Storbritannia.[2][3] Albumet nådde 105. plass på Billboard 200 i USA.
Remove ads
Bakgrunn
Etter utgjevinga av det siste studioalbumet til Dire Straits, On Every Street, og ein utmattande, femten månader lang verdsturne i Europa, Nord-Amerika og Austraia, ein turné sett av 7,1 millionar menneske[4] som enda i oktober 1992, la Knopfler ned det britiske rockebandet, som hadde vorte eit av dei mest populære i verda med over 120 millionar selde plater, i det stille.[5] Han fortalte seinare «Eg la det på hylla fordi eg ønskte å kome attende til ein slags røyndom. Det var for å verne meg sjølv, for å overleve. Den enorme skalaen der var umenneskeleggjerande».[6] Han brukte to år på å kome seg etter opplevinga, som hadde gått ut over både kreativiteten hans og det personlege livet hans.[4] I 1994 byrja arbeidet med det som vart det første soloalbumet hans.
Remove ads
Turné
Knopfler la ut på ein turné etter Golden Heart, Golden Heart Tour i Europa, som starta 24. april 1996 i Galway i Irland, og som omfatta 84 konsertar i 66 byar, og enda i Antibes i Frankrike 4. august 1996.[7] Med på turneen var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Glenn Worf (bass), Chad Cromwell (trommer) og Jim Cox (klaverinstrument). Denne første turnégruppa vart sidan kalla the 96-ers av Knopfler-fansen.[8] Ein første smakebit med eit større badn vart gjeven 15. april 1996 i BBC Building i London. Dette showet vart innspelt og sidan gjeve ut på video som A Night in London.[8]
Remove ads
Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre av fem stjerner, og meinte at trass i gjenkjennelege gitaren til Knopfler og dei kvasse tekstane, var det «lite på albumet som var nytt eller slåande, og Knopfler verka å falle tilbake på kjende gitarteknikkar, medan han ofte syng uklåre tekstar.[1] Ruhlmann konkluderte:
« | Knopfler hadde ikkje nytta høve med eit soloalbum til å utfordre seg sjølv, og samstundes mista han gruppeidentiteten (som var illusorisk) som Dire Straits-namnet gav. Resultatet vart lyttbart, men annanrangs.[1] | » |
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Musikk
- Mark Knopfler – gitar, vokal
- Richard Bennett – akustisk gitar (1,2,3,8,9,11,12), gitar (5,6), tiplé (10)
- Sonny Landreth – National steelgitar (10), korvokal (10)
- Don Potter – akustisk gitar (14)
- Paul Franklin – pedal steelgitar (1,9,11,12,14)
- Derek Bell – irsk harpe (1)
- Paul Brady – fløyte (1,7,13)
- Seán Keane – fiolin (1,7,13)
- Dónal Lunny – bouzouki (1,7,13)
- Máirtín O'Connor – trekkspel (1,7,13)
- Liam O'Flynn – sekkepipe (7,13)
- Steve Conn – trekkspel (10)
- Jo-El Sonnier – trekkspel (8)
- Michael Doucet – fele (10)
- Matt Rollings – piano (1,5,11)
- Barry Beckett – piano (9,12)
- Hargus «Pig» Robbins – piano (14)
- Bill Cuomo – Hammondorgel (6)
- Guy Fletcher – klaverinstrument (3,4,8,12), korvokal (1,2,3,4,6,8)
- Steve Nathan – Hammondorgel (1,2,8,9,12,14), klaverinstrument (3,5,9,11,14)
- Paul Moore – bass (13), string bass (7)
- Michael Rhodes – bass (1,5,9,10,11,12,14)
- Glenn Worf – bass (2,3,6), string bass (4,8)
- Eddie Bayers – trommer (1,5,9,10,11,12,14)
- Robbie Casserly – trommer (13)
- Chad Cromwell – trommer (2,3,4,6,8)
- Danny Cummings – korvokal (1,3,4,6,8,10,11), perkusjon (2,4,5,11,12,14)
- Terry McMillan – djembe (5)
- Billy Ware – triangel (10)
- Brendan Croker – korvokal (4,8)
- Vince Gill – korvokal (12,14)[9]
- Produksjon
- Mark Knopfler – produsent
- Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
- Brian Masterson – lydteknikar
- Graham Lewis – assisterande lydteknikar, mikseassistent
- Denny Purcell – mastering
- Jonathan Russell – masteringassistent
- David Scheinmann – fotografi[9]
Remove ads
Lister og salstrofé
Album
Singlar
Salstrofé
Remove ads
Singlar
Darling Pretty
Darling Pretty av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 26. februar 1996 | |
Sjanger | rock | |
Selskap | Vertigo Records |
«Darling Pretty» var den første singelen frå albumet. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart, og vart nytta i filmen Twister i 1996. «Gravy Train», det andre sporet på CD-singelen, vart nytta i filmen America's Sweethearts i 2001.[11]
- Innhald
Alle spor skrivne av Mark Knopfler
Cannibals
Cannibals av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 17. juni 1996 | |
Sjanger | rock | |
Selskap | Vertigo Records |
«Cannibals» var den andre singelen frå albumet. Han har ein liknande stil og minner mykje om Dire Straits-singelen «Walk of Life», som òg var skriven av Knopfler. «Cannibals» er henta frå albumet. «Tall Order Baby» og «What Have I Got To Do» vart spelt inn under innspelinga av albumet, men berre gjevne ut på denne singelen. Songen vart nytta som konsertopnar på Kill to Get Crimson-turneen i 2008.[12]
- Innhald
Alle spor skrivne av Mark Knopfler
Rüdiger
Rüdiger av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 4. november 1996 | |
Sjanger | rock | |
Selskap | Vertigo Records |
«Rüdiger» er den tredje og siste singelen for albumet. «Rüdiger» er henta frå albumet, medan «My Claim to Fame», «Tall Order Baby» og «What Have I Got To Do» ikkje fekk på plass på albumet.[13]
- Innhald
Alle spor skrivne av Mark Knopfler
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads