On the Threshold of a Dream
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
On the Threshold of a Dream er det fjerde albumet til The Moody Blues, gjeve ut på Deram Records i april 1969. Det var det siste albumet deira før bandet skipa sitt eige plateselskap, Threshold, som vart distribuert av Decca Records.
Remove ads
Innhald
Albumet startar med eit dikt og elektroniske lydar, og albumet vert avslutta med liknande lydar. På vinyl-utgåva av albumet var LPen trykt slik at desse lydane heldt fram til nokon stoppa plata.
Som dei to føregåande albuma til bandet, følgjer On the Threshold of a Dream eit konsept. Albumet utforskar draumar, særleg på andre sida, som har eit klimaks med «Voyage»-suiten, delvis inspirert av Strauss sin Also sprach Zarathrustra. Stykket, av Mike Pinder, nyttar mellotron som orkester, og fløyte.
Remove ads
Utgjeving
On the Threshold of a Dream kom ut 25. april 1969 i Storbritannia[3] og 30. mai 1969 i USA.[4] On The Threshold of a Dream var det første albumet til The Moody Blues som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og med auka salstal i USA, nådde dei Topp 20 der. Albumet låg lenge på begge albumlistene. Ironisk nok selde den einaste singelen frå albumet, «Never Comes the Day», dårleg.
I mars 2006 vart albumet gjeven ut på SACD med ni bonusspor. I 2008 vart albumet gjeve ut på ny med standard lydformat med dei same bonusspora.
Remove ads
Innhald
Bonusspor
Salslister
Album
Singlar
Medverkande
- Justin Hayward – vokal, gitar, cello, mellotron på «Never Comes the Day»,[5]
- John Lodge – vokal, bassgitar, cello, kontrabass
- Ray Thomas – vokal, munnspel, fløyte, tamburin, obo, pikkolofløyte, EMS VCS 3
- Graeme Edge – trommer, perkusjon, vokal, EMS VCS 3
- Mike Pinder – vokal, Mellotron, Hammondorgel, piano, cello
- Teknisk
- Phil Travers – plateomslag
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads