One Day at a Time
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
One Day at a Time er eit album frå 1970 av Joan Baez. Det vart spelt inn i Nashville og Baez fortsette her å eksperimentere med country, som ho byrja med på David's Album året før. Albumet inneheld ein av dei første songane Baez skreiv sjølv, «Sweet Sir Galahad» og «A Song for David». Den førstnemnde songen var ei ballade for den yngre syster hennar, Mimi Fariña, og den sistnemnde for den dåverande ektemannen hennar David Harris, som på den tida sat i fengsel som militærnektar. One Day at a Time inneheld òg songar av The Rolling Stones, Willie Nelson og Pete Seeger.
Albumet inneheld tre songar som Baez framførte på Woodstockfestivalen fire månader tiddlegare, «I Live One Day At A Time», «Joe Hill» og «Sweet Sir Galahad».
Vanguard si nyutgjeving inneheld to bonusspor frå innspelinga av One Day at a Time: «Sing Me Back Home» og «Mama Tried», begge duettar med Shurtleff, og begge skrivne av Merle Haggard. Desse to var først gjevne ut i plateboksen Rare, Live & Classic frå 1993.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Joan Baez – vokal, gitar
- Pete Drake – pedalsteelgitar
- Roy Huskey jr. – bassgitar
- Tommy Jackson – fele
- Jerry Shook – gitar
- Jerry Reed – gitar
- Harold Bradley – gitar
- Hargus «Pig» Robbins – piano
- Harold Rugg – steelgitar, dobro
- Grady Martin – gitar, dobro, sitar
- Buddy Spicher – fele
- Norbert Putnam – bassgitar
- Kenny Buttrey – trommer
- David Briggs – piano, cembalo
- Richard Festinger – gitar
- Charlie McCoy – munnspel, vibrafon, orgel
- Henry Strzelecki – bassgitar
- Pete Wade – gitar
- Jim Marshall - fotografi
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads