One of These Nights

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

One of These Nights er det fjerde studioalbumet til Eagles, gjeve ut i 1975. Tittelsongen på albumet vart den andre singelen deira som nådde toppen av singellista Billboard Hot 100 i USA, i juli det året. Albumet inneheldt i alt tre singlar som nådde topp 10, «One of These Nights», «Lyin' Eyes» og «Take It To The Limit», med ein høvesvis første-, andre- og fjerdeplass. Albumet vart òg det første som toppa albumlista i USA for bandet. Det selde fire millionar eksemplar og vart nominert til årets album under Grammyprisen det året. «Lyin' Eyes» vart òg nominert til årets singel. «Take It To The Limit» vart den første singelen til bandet som selde til gullplate.

Meir informasjon Eagles-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

One of These Nights er det siste Eagles-albumet med gitaristen Bernie Leadon, som seinare vart erstatta av Joe Walsh. Leadon slutta i bandet etter One Of These Nights-turneen. Det sjuande sporet, «Visions», er den einaste Eagles-songen der Don Felder syng solovokal. Albumet vart det kommersielle gjennombrotet til bandet, og gjorde dei til internasjonale superstjerner og eit av dei fremste banda i USA. Bandet drog ut på verdsturné for å marknadsføre albumet. Fleetwood Mac var oppvarmingsband for dei på turneen.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Songar

«Journey of the Sorcerer»

«Journey of the Sorcerer» var nytta som kjenningsmelodi i radioteaterversjonen av Douglas Adams-romanen The Hitchhiker's Guide to the GalaxyBBC i 1978 og 1979. Adams sa han ønskte noko som høyrtes ut som sci-fi, men samtidig indikerte ei reise, så denne banjo-baserte instrumentalen vart den ideelle songen i følgje Adams.[6] «Journey of the Sorcerer» vart sidan nytta i ein nyinnspelt versjon for fjernsynsserien som kom i 1981, og igjen, i nok ein nyinnspeling for filmen.

«I Wish You Peace»

«I Wish You Peace» vart skriven av Bernie Leadon og den dåverande kjærasten Patti Davis, dotter til den dåverande guvernøren i California, Ronald Reagan.

Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsent: Bill Szymczyk
  • Lydteknikarar: Allan Blazek, Michael Braunstein, Ed Mashal, Bill Szymczyk, Michael Verdick, Don Wood
  • Kunstnarisk leiar: Gary Burden
  • Design: Gary Burden
  • Fotografi: Norman Seeff and Tom Kelley (cover)
  • Remastering: Ted Jensen

Lister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Prisar

Grammyprisen

Meir informasjon År, Vinnar ...

Grammy-nominasjonar

Meir informasjon År, Nominert ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads