One of Us Must Know (Sooner or Later)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«One of Us Must Know (Sooner or Later)» er ein song skriven og framført av Bob Dylan på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966. Han vart spelt inn seint i 1965 i New York med medlemmer frå The Band (då kalla The Hawks). Songen var ein av to songar frå denne innspelinga som vart nytta vidare. Den andre var «Can You Please Crawl Out Your Window?», som vart gjeven ut som singel i 1965. Denne songen er ei kjenslemessig tilståing av mistydingar og unnskyldningar frå songaren til ei kvinne som på tragisk måte har kome bort frå han. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 33. plass på den britiske singellista,[1] men nådde berre 119. plassen på den amerikanske Billboard's Bubbling Under-lista.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

I følgje Jonathan Singer var det Paul Griffin som spelte piano på «One of Us Must Know (Sooner or Later)».[2]

Andre versjonar

Ein Phil Spector-aktig versjon av songen vart gjeven ut av Les FradkinIf Your Memory Serves You Well (2006).[3]

Mick Hucknall spelte inn songen i 2012 på samlealbumet Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.

Norsk versjon

Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein norsk tekst til songen, kalla «Før eller seinare (må ein av oss forstå)» på albumet Blondt i blondt i 2016.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads