Onward av Yes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Onward» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1978 på albumet Tormato. Songen er skriven av Chris Squire og er ein av dei få reine balladane til bandet. Songen er 4 minutt og 5 sekund lang.
Remove ads
Struktur
Songen er ein melodisk og direkte kjærleikserklæring skrive av bassisten i bandet, Chris Squire, til den dåverande kona si Nikki. Med den pompøse og kjensleladde orkestreringen skilde denne songen saman med instrumentalen «Madrigal» seg sterkt ut frå resten av albumet, som er minimalistisk produsert og har ein meir direkte rockestil. Teksten er særs atypisk for progressiv rock, då han handlar om kjærleik.
Remove ads
Konsertversjonar
Songen vart første gongen spelt under konsert under dei tre Keys to Ascension-konsertane i San Luis Obispo i 1996, og vart etter dette ikkje spelt igjen før under In the Present-turneen i 2008.[1] Innspelinga av songen på Keys to Ascension inneheld ein ny intro, skriven og spelt av Steve Howe på gitar.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Onward»:
- Keys to Ascension
- In the Present – Live from Lyon
Remove ads
Alternative versjonar
På ny-utgjevinga av albumet Tormato frå 2004 finst ein instrumental orkesterversjon av songen som «skjult bonus-spor».
Medverkande
På originalinnspelinga frå 1978 medverkar:
- Jon Anderson: vokal
- Steve Howe: elektrisk gitar
- Chris Squire: bass og vokal
- Rick Wakeman: polymoog
- Alan White: vibrafon og crotaler
med
- Andrew Pryce Jackman: orkestrering
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads