Operasjon Dagsverk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Operasjon Dagsverk (OD) er ein elevstyrt haldningskampanje og innsamlingsaksjon arrangert av Elevorganisasjonen. Aksjonen er spesielt retta mot ungdomstrinnet i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Folkehøgskolar kan òg delta på Operasjon Dagsverk.

Kjappe fakta Type, Org.nummer ...

Elevar som deltek i prosjektet gjev ein dag av utdanninga si for å jobba og tena pengar til utdanningsstøtte for ungdom i Asia, Afrika eller Latin-Amerika. Ein kan arbeida hjå firma eller heime, eller samla inn pengar på andre måtar. Dei innsamla midla, som årleg ligg noko under 30 millionar kroner, blir utbetalt litt etter litt over fleire år. Prosjekta som blir støtta blir delvis valde av Elevtinget og delvis i ei uravstemning blant elevane på skolane som er påmelde.

Aksjonsdagen er den siste torsdagen i oktober kvart år (i 2007 den 25. oktober), og han kjem etter ein informasjonskampanje kalla Internasjonal Uke (IU) som vanlegvis går over to veker.

Aksjonen støtta i 2006 prosjekt i Nepal. Tittelen var «Kamp for skuddsikre skolar» og retta seg mot barn som er rammet av borgarkrigen i landet. Samarbeidsorganisasjon for året var Redd Barna. Aksjonen for 2007 er i samarbeid med Utviklingsfondet, og retta mot dei tre mellomamerikanske landa Honduras, Nicaragua og Guatemala.

Remove ads

Tidlegare OD-prosjekt

Her følgjer eit oversyn over tidlegare prosjekt[1]

Meir informasjon År, Prosjekt ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads