Oppedalselva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Oppedalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring frå Skiddalsvatnet på fjellområda austom Risnefjorden, mellom Synnlikletten og Grønnlifjellet. Elva renn mot nordaust gjennom fleire små og høgtliggande vatn, før ho fell bratt ned i dalen ved Oppedalsstølen. Like nedanfor fell den rundt 150 meter høge Lønningefossen ned frå vestsida av den djupe og tronge dalen. Heretter renn elva mot nord-nordvest til ho munnar ut i Sognefjorden ved Ytre Oppedal. Langs den siste kilometeren før fjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Oppedalselva er 8,9 km lang, og har eit nedbørfelt12,1 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,27 m³/s.[1]

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Fiske

Vassdraget hadde under dei siste tiåra av 1900-talet ein sterk reduksjon i fiskebestandane på grunn av sur nedbør. Dei øvste dela av nedbørfeltet vart hardast ramma, og i Skiddalsvatnet og Krokelivatnet, som er dei to høgast liggjande innsjøane, døydde bestanden av aure ut allereie på 1970-talet. I Grønlivatnet og Klypevatna, som ligg mellom ein og to kilometer nedstraums desse, var det enno i 1990 tynne bestandar av aure, men òg i desse vatna vart det på 1970-talet registrert ein nedgang i aurebestanden.[2]

I seinare år er det sett ein monaleg betring i tilhøva for fiskebestandane i Gulen. Bestanden av aure har auka i fleire vatn austom Fjordsdalen, blant anna i Grønlivatnet og Klypevatna der bestanden har auka frå «tynn» til «middels tett».[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads