Oppegård kommune

kommune i Akershus From Wikipedia, the free encyclopedia

Oppegård kommune
Remove ads

Oppegård var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen låg på austsida av Bunnefjorden, ein arm av Oslofjorden, og grensa i nord til Oslo, i vest til Ski, i sør til Ås og i vest til Nesodden kommune. Viktige tettstader var Oppegård, Svartskog og Kolbotn.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Thumb
Oppegård kyrkje
Foto: Torstein Furnes

Den lange, nord-sørgåande Gjersjøen delte kommunen i to.

Østfoldbanen har frå gammalt av vore livsnerva i Oppegård. Han har desse stoppestadane i kommunen: Kolbotn, Solbråtan, Myrvoll, Greverud og Oppegård.

Næringsliv

Fleire store verksemder har etablert seg med kontor i kommunen, mellom anna IBM, Norgesbuss, Kodak, Volvo/Ford, DFDS Transport og Jernia.

Historie

Oppegård var del av Nesodden fram til 1915, då han blei skild ut som eige herad. Kommunevåpenet har 17 trekantar som står for dei ulike gardane i kommunen: Oppegård, Grønmo, Bålerud, Sjødal, Ormerud, Li, Kullebunden, Ekornrud, Greverud, Sætre, Kurud, Dal, Vasbunden, Hvitebjørn og Fløisbonn.

Den 1. januar 2020 var kommunen slegen saman med Ski kommune til Nordre Follo kommune.[1]

Kjende Oppegårdfolk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads