Jan Petersen

norsk politikar og diplomat From Wikipedia, the free encyclopedia

Jan Petersen
Remove ads

Jan Petersen (fødd 11. juni 1946) er ein norsk politikar frå Høgre, fødd i Oslo. Han voks opp i Oppegård i Akershus, der han var ordførar frå 1975 til 1981. Petersen var stortingsrepresentant frå 1981 til 2009, og partileiar i Høgre frå 1994 til 2004. Petersen var utanriksminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Han tok ikkje attval ved stortingsvalet 2009.[1][2] Petersen blei i statsråd den 9. januar 2009 utnemnd til ny norsk ambassadør til Austerrike.[3]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Karriere

Tidleg karriere

Jan Petersen sine foreldre var direktør Kaare Petersen (bror til Erling Petersen) og Elsa Olsen. Jan Petersen tok examen artium i 1965. Han var medlem av Oppegård kommunestyre frå 1967 til 1971, og også av formannskapet frå 1971 til 1975. Jan Petersen gifta seg med lektor Siri Andresen i 1971, men dette ekteskapet blei seinare oppløyst. Han var formann i Akershus Unge Høyre i 1969, og var formann i Unge Høgre frå 1971 til 1973. I 1973 var han også ferdig utdanna jurist. Han var førstesekretær i Forbrukarrådet i 1974, og konsulent i NORAD frå 1975 til 1978. Han var vararepresentant på Stortinget i perioden 1973–1977.

Heiltidspolitikar

Jan Petersen har vore politikar på heiltid sidan 1975, først som ordførar i Oppegård frå 1975 til 1981. Han blei medlem av Høgre sitt sentralstyre i 1976, der han sidan har sete i heile den aktive politiske karrieren sin. Jan Petersen blei for første gong vald inn på Stortinget for Akershus i 1981. Han har vore medlem av styret for Den Norske Opera sidan 1983.

Partileiar og minister

Jan Petersen tok i 1994 over som partileiar i Høgre etter Kaci Kullmann Five, og blei samtidig også Høgre sin parlamentariske leiar. Det første stortingsvalet som partileiar, stortingsvalet 1997, var å rekne som eit valnederlag. Thorbjørn Jagland sitt 36,9-ultimatum gjorde at Kjell Magne Bondevik si første regjering inntok regjeringskvartalet. Petersen og Høgre fekk ikkje vere med i denne regjeringa av Senterpartiet, slik Høgre blei ståande som eit støtteparti i Stortinget. Ved kommunevalet 1999 gjorde Høgre eit godt val. Høgre og Arbeiderpartiet felte i fellesskap Bondevik si regjering i eit kabinettsspørsmål om nye gasskraftverk i 2000. Mange så på stortingsvalet 2001 som ein stor revansje i høve til 1997, og Høgre sin statsministerkandidat Jan Petersen blei utanriksminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering.

Utanriksminister

Thumb
Utanriksminister Petersen hos den norske ambassaden i Bangkok i januar 2005, like etter tsunamikatastrofen i desember 2004

Jan Petersen fekk problemstillingane i kjølvatnet av terrorangrepet 11. september 2001 i USA i fanget, med mellom anna krav om strengare tryggingstiltak. Krigen i Irak starta i mars 2003, og Petersen gjekk imot USA og Storbritannia sin invasjon og også ei eventuell norsk deltaking. Det har seinare kome fram at dette ikkje skjedde utan komplikasjonar internt i regjeringa.[4] Jan Petersen gjekk av som partileiar i 2004, og dåverande kommunalminister Erna Solberg tok over. Som Noregs utanriksminister var Petersen formann i Ministerkomiteen i Europarådet då Noreg hadde formannskapet frå mai til november i 2004. Regjeringa gjekk av etter stortingsvalet 2005.

Avsluttar politikken

Petersen gjekk etter stortingsvalet 2005 tilbake som vanleg stortingsrepresentant. Han bytta komité, og blei leiar i Stortingets forsvarskomité. Same året blei han dessuten nestleiar i Den internasjonale demokratiske unionen. I mai 2008 gav han nominasjonskomiteen i Akershus Høgre beskjed om at han ikkje ønska attval til Stortinget. Petersen blei i statsråd den 9. januar 2009 utnemnd til ny norsk ambassadør til Austerrike, med base i hovudstaden Wien, og tiltredde då stortingsperioden gjekk ut i oktober 2009.[3]

Remove ads

Regjering

Stortingskomitear

Heider

Jan Petersen blei i 2004 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Bibliografi

  • Det nye Europa. Oslo 1990.
  • Det nye Europa : grunnlagsdokument for debatt om utviklingen i Europa, saman med Anders C. Sjaastad og Helge Lund. Oslo 1990.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads