Oradea

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oradeamap
Remove ads
Remove ads

Oradea (/o'ra.děa/; ungarsk Nagyvárad; tysk: Großwardein, tyrkisk Varat; jiddisk גרויסווארדיין, slovakisk Veľký Varadín, latin Magnovaradinum), tidlegare Oradea Mare, er hovudstaden i Bihor fylke i Crișana i Romania. Byen ligg tett attved den ungarske grensa og har om lag 180 000 innbyggjarar, medan storbyområdet om lag har 240 000 innbyggjarar. Oradea er ein av dei mest velståande byane i Romania.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Historie

Oradea har ei historie som går tilbake til ei borg som vart bygd her på 900-talet. Bispedømet her vart grunnlagt på 1000-talet av kong Ladislaus I av Ungarn. Byen vart først nemnd i eit dokument i in 1113 under det latinske namnet Varadinum. Byen blømde på 1200-talet. Festninga Oradea, som det framleis finst ruinar av i dag, vart først nemnd i 1241 under den mongolske invasjonen av Europa. 1300-talet var den mest velståande perioden for byen. Det vart reist statuar av St. Stefan, Emeric og Ladislaus. Biskop Andreas Báthori (1329-1345) bygde opp att katedralen i gotisk stil.

I 1474 vart byen rasert av tyrkarane. Først på 1500-talet byrja Oradea å utvikle seg til eit urbant område. På 1700-talet planla ingeniøren Franz Anton Hillebrandt frå Wien byen i barokkstil, og frå 1752 vart mange av landemerka i byen bygd, som den romersk-katolske domkyrkja og bispepalasset.

Etter Det osmanske riket invaderte Ungarn på 1500-talet vart byen i periodar styrt av Fyrstedømet Transilvania, Det osmanske riket og Habsburgmonarkiet. I 1598 vart festninga omleira, og 27. august 1660 fall Oradea til tyrkarane og vart eit eyaletsenter kalla Varat. Byen vart sett fri av austerrikarane i september 1692.

Mot slutten av den første verdskrigen vart Oradea, trass i den ungarske majoriteten, gjeven til Kongedømet Romania utan folkeavstemming. I 1940 vart nordlege delar av Transilvania, inkludert Oradea gjevne tilbake til Ungarn, men dette varte berre til slutten av den andre verdskrigen då landområda vart gjevne tilbake til Romania.

I 1925 fekk Oradea kommunestatus, og han fekk namnet Oradea-Mare (Stor-Oradea).

Det har gjennom lange tider vore etniske spenningar i området, men i dag lever desse etniske folkegruppene fredeleg side om side.

Remove ads

Busetnader

Oradea er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Meir informasjon Busetnad, Folketal 2011 ...

Storbyområde

Thumb
Kommunen Oradea (mørkraudt) og storbyområdet (lysraudt) innanfor Bihor fylke

Storbyområdet omfattar Oradea og elleve mindre kommunar[3][4] med eit samla folketal i 2021 på 242 956.

Meir informasjon Kommune, Folketal 2021 ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads