Original Soundtracks 1

studioalbum av Passengers From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Original Soundtracks 1 (òg kjend som berre Original Soundtracks) er eit album frå 1995 av U2 og Brian Eno, som eit sideprosjekt kalla Passengers. Det er ei samling songar skriven hovudsakleg for imaginære filmar (utanom songar for Heat, Ghost in the Shell, Miss Sarajevo, og Beyond the Clouds).

Meir informasjon Kritikk, U2-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

U2 og produsent Brian Eno danna Passengers som eit sideprojsjekt under starten på innspelinga av U2-albumet Pop, som kom ut i 1997. Meininga var å skrive musikken til Peter Greenaway-filmen The Pillow Book i 1996, som oppvarming før innspelinga av Pop.[7] Det vart ikkje noko av desse planane, så Eno føreslo og lage musikk for imaginære filmar. U2 var først usikre på ideen, men gjekk med på ideen då Eno fortalte dei at det ikkje var meininga å produsere radiohittar med samarbeidet.[7]

U2 hadde ofte improvisert tidlegare og på Original Soundtracks 1 jamma dei til videoklipp frå forskjellige filmar.[7] Gruppa førte inn produsenten Howie B til å ta opp og mikse nokre av songane etter fleire timar med jammar i studio.[7]

Om lag halvparten av albumet er instrumentalt, og vokalspora held seg som regel unna fengande melodiar som vanlegvis definerte musikken til U2. Av desse vert den fintfølande «Miss Sarajevo» med den italienske tenoren Luciano Pavarotti på vokal, rekna som den mest minneverdige.

I plateomslaget vert det hevda at songane var skrivne for filmar, og inneheld detaljerte skildringar om kva filmane omhandlar. Dette konseptet er på eit vis eit framhald av det tidlegare Music for Films-albumet til Eno.

Remove ads

Mottaking

På grunn av musikkstilen og at det vart gjeve ut under eit anna namn, er albumet det minst kjende og det som har seld dårlegast av albuma til U2. Kritikarane gav det blanda kritikk. Trommeslagar Larry Mullen, Jr. sa at han mislikte albumet: «Det er ei tynn linje mellom interessant musikk og nytingssjuke. Me kryssa linja på Passengers-albumet.»[8] Seinare sa han «Det har ikkje vokse på meg. Men 'Miss Sarajevo' er ein klassikar»[9] Bono var ikkje samd med Mullen og hevda at «Larry likte ikkje Passengers fordi me ikkje let han spele trommer»

Remove ads

Innhald

All musikk komponert av Passengers (Brian Eno, Bono, Adam Clayton, The Edge og Larry Mullen, Jr.)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

«Miss Sarajevo» vart gjeven ut som singel til stor suksess og kjempa om å nå toppen i Storbritannia til jul, men tapte til slutt mot Michael Jackson sin «Earth Song». Songen kom seinare med på samleplata The Best of 1990–2000 i 2002.

Medverkande

  • Brian Eno – strategiar, sekvensar, tangentinstrument, korvokal, gitar, handsamingar, miksing, vokal på «A Different Kind of Blue», produksjon
  • Bono – vokal, gitar, piano på «Beach Sequence»
  • Adam Clayton – bassgitar, gitar på «Your Blue Room», perkusjon, forteljing på «Your Blue Room»
  • The Edge – gitar, tangentinstrument, korvokal, solovokal på «Corpse», kyrkjeorgel på «Your Blue Room»
  • Larry Mullen, Jr. – trommer, perkusjon, rytmesekvens på «One Minute Warning», rytmesynthesizer på «United Colours»
  • Luciano Pavarotti – tenorstemme på «Miss Sarajevo»
  • Holi – vokal på «Ito Okashi», stemmer på «One Minute Warning»
  • Howie B – miksing, handsmingar, scratching, og rytmespor på «Elvis Ate America»
  • Craig Armstrong – strykearrangement på «Miss Sarajevo»
  • Paul Barrett – strykearrangement på «Always Forever Now»
  • Des Broadbery – sekvenser på «Always Forever Now»
  • David Herbert – saksofon på «United Colours» og «Corpse»
  • Holger Zschenderlein – synthesizer på «One Minute Warning»
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads