Out Skerries
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Out Skerries (av norrønt Ut sker) er ei øygruppe tilhøyrande Shetland i Skottland.[1]
(Foto: Sven Johansson)
Somme tider vert øyene kalla Outer Skerries eller berre Skerries (sjølv om det kan føre til samanblanding med Ve Skerries). Out Skerries ligg om lag sju kilometer nordaustom Whalsay og er den austlegaste delen av Skottland. Øyene ligg ca 320 kilometer frå Noreg, om lag på høgd med Ågotnes på Sotra. Out Skerries har ferjesamband med Vidlin og Lerwick på Mainland og flysamband med Tingwall. Øygruppa har vore folkesett minst sidan vikingtida, truleg lenger.
Hovudøyene er Housay, Bruray og Grunay. Dei er alle små, det samla arealet for øyene er 4 km². Folketalet for øyene er 76. Det er bru mellom dei to fyrstnemde øyene, og det er berre på dei det bur folk. Out Skerries har barne- og ungdomsskule, to butikkar, ein fiskeforedlingsfabrikk, ei flystripe og kyrkje. Ungdomsskulen er den minste i landet, i 2004 hadde han berre to elevar. Hovudnæringsvegen på øyene er fiskeria.
Remove ads
Øyene
Housay
Housay er den største av øyene og ligg lengst vest. På øya ligg den naturlege hamna West Voe, kyrkja på øyene, Out Skerries Church, og ein butikk med postkontor. I 2001 budde det 50 personar på øya.[2] Frå Housay går det bru til Bruray. I sundet North Mouth er det fiskeoppdrettsanlegg og båtplassar.
Bruray
Bruray er den nest største av øyene og ligg like austom Housay. På Bruray ligg hovudhamna, skulen, den andre av butikkane og flystripa. Det høgaste punktet på Out Skerries ligg på Brurey, 53 moh. I 2001 budde det 26 personar på øya.[2]
Grunay
Grunay er den minste av hovudøyene. På øya ligg huset der fyrvaktaren til fyret på Bound Skerry budde tidlegare. Då fyret vart automatisert og avfolka i 1972 vart huset fråflytt. Opp til då var Grunay den austlegaste av dei busette øyene i Skottland. (Grunay må ikkje forvekslast med Gruney, som er ei anna lita shetlandsk øy.)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads