Ovimbundu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ovimbundu
Remove ads

Ovimbunduar, òg kjend som sørlege mbunduar, er ei bantufolkegruppe som kjem frå Bié-platået i sentrale Angola og i kyststripa vest for dette høglandet. Som den største folkegruppa i Angola utgjer ho 38 prosent av folkesetnaden i landet. Det tradisjonelle språket deira er umbundu. Størstedelen av ovimbundufolk høyrer til kristendommen, hovudsakleg Igreja Evangélica Congregacional de Angola (IECA) , som blei grunnlagd av amerikanske misjonærar, og den katolske kyrkja. Men nokre held framleis på tru og praksisar frå tradisjonelle afrikanske religionar.

Thumb
Kart over utbreiinga til folkegruppene i Angola kring 1970.
Remove ads

Historie

Ovimbunduane stammar frå folk som kom gradvis inn frå nord under bantuekspansjonen i det siste tusenåret. Dei danna lokale og regionale grupper som sakte blei til politiske einingar og senter for sosial identitet: M'Balundu, Sele, Wambo, Bieno og andre. Dei utvikla eit sofistikert landbruk, der dei mellom anna dreiv avl med høns, småfe og gris og eit fåtal kyr som dei kjøpte frå gjetarfolk frå sør (nyaneka-nkhumbi-talarar og ovambofolk).

Ei stor endring byrja då portugisarar etablerte ein kolonial utpost i Benguela på 1500-talet. Fleire av dei små kongerika såg fordelar ved å organisera ein intensiv karavanehandel mellom Benguela og folkeslag i aust, særleg chokwe-, luvale- og mbundafolk,[1] som dei fekk voks, gummi, honning og elfenbein frå. Kvar handelskaravane hadde ein profesjonell leiar og spåmann. Handelsavtalar som hadde knytt dei uavhengige kongedøma saman førte til utvikling av regional spesialisering, som metallarbeid og produksjon av maismjøl. Slaveri og slavehandel blei òg ein integrert del av ovimbundu-samfunnet. Karvanehandelen gjekk tilbake då slavehandelen blei undertrykka, og endå meir med bygginga av Benguela-jernbanen i 1904. Handelen slutta heilt kort tid etter 1910.

I dei neste åra endra ovimbunduane økonomien sin heilt til dyrking av korn, som blei selt til eit raskt veksande nettverk av portugisiske handelsmenn.[2] På grunn av folkeveksten deira, og fordi betydelege delar av jorda deira blei teken over av europearar for å dyrka kaffi, sisal og laga andre typar plantasjar, byrja mange ovimbundufolk å arbeida som løna arbeidskraft, hovudsakleg på europeiske plantasjar i sitt eige område eller i Nordvest-Angola, men òg i namibiske gruver.

Ovimbunduar danna hovudgrunnlaget for UNITA, ei antikolonial rørsle som kjempa mot portugisarane frå 1966 til 1974, og var ein motstandar til den rivaliserande rørsla MPLA under den angolske borgarkrigen frå 1975 til 2002, og i dag er eit opposisjonsparti i Angola. [a]

Under borgarkrigen blei dei to store byane i umbunduterritoria, Huambo og Cuito, i stor grad øydelagde av MPLA og UNITA. Det same skjedde med eit stort tal landsbyar og mykje infrastruktur (vegar, jernbanar, bruer osb.). Mange døydde, og mange andre flykta til byar anten i sitt eige område (Benguela, Lobito) eller i fjerne område (hovudsakleg Luanda og området rundt, men òg Lubango). I lange periodar var delar av umbunduterritoria under UNITA-kontroll.

Siden 2002 har det vore gjort betydeleg innsats for gjenoppbygging, både av styresmaktene, som er interessert i nasjonal forsoning, men i stor grad også av folket sjølve, av kyrkjelydar og av ulike ikkje-statlege organisasjonar. Ein stor del av dei internt fordrivne ovimbunduane har vendt tilbake til stadene dei opphavleg kom frå, der tradisjonelle former for sosial organisasjon ofte har overlevd eller er gjenoppretta. Men større eller mindre ovimbundu-samfunn er blitt verande i mange byar utanfor det opphavlege leveområdet deira, slik at ein stor del av dette folket no lever spreidd over heile Angola.

I politisk samanheng viste parlamentsvalet i Angola i 2008 ei viktig endring i lojaliteten til ovimbunduar. Dei fleste av dei hadde stemt på UNITA i det føre valet i 1992, men ved dette valet stemte dei fleste stemma på MPLA. Dette var både fordi UNITA hadde mista mykje av truverdet sitt etter at leiaren Jonas Savimbi døydde, men òg fordi støtte av UNITA blei sett på som å medføra risiko for å ta opp att væpna vald i landet.

Remove ads

Merknadar

  1. The founder and historical leader of UNITA, Jonas Savimbi, was an Ovimbundu of the Bieno group.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads