Owner of a Lonely Heart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Owner of a Lonely Heart» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1983 på albuma til bandet 90125. Songen er den største hitten til Yes til dags dato, og i to veker i januar 1984 toppa singelen Billboard Hot 100 i USA.[2] Songen er skriven av Trevor Rabin, Chris Squire, Jon Anderson og Trevor Horn.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Struktur

Songen startar med eit gitar-riff som kan minne om eit typisk rock eller hardrockriff. Riffet blir spelt to gonger før det blir punktert av tromma, og så kjem resten av instrumenta med, og blir til songen sin hovudtema. Songen følgjer hovudsakleg standard pop-struktur, med vers, refreng og gitarsolo. På slutten av songen løyser melodilinja seg opp, og det blir avslutta med ein seksjon som gjev assosiasjonar til ein jamsession.

I følgje medkomponist Trevor Rabin vart songen opphavleg skrive som ein ballade, men produsent og medkomponist Trevor Horn vart overtalt av Jon Anderson til å få opp tempoet slik at det vart ein rockelåt. Ein demoversjon som underbygger påstanden om ein rolegare versjon finst på Rabin-albumet 90124, der songen har fått eit jazz-liknande preg.

Remove ads

Konsertversjonar

Songen er blitt den åttande mest spelte under Yes-konsertane.[3] Under konsertane på 1980-talet var fremføringa av songen særs lik innspelinga. Under Anderson Bruford Wakeman Howe sine konsertar i 1989 fremførte Jon Anderson ein akustisk versjon som ein del av solo-settet sitt.

Offisielle konsertopptak av «Owner of a Lonely Heart» finst på:

  • 9012Live (konsertfilm)
  • An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe – akustisk versjon)
  • House of Yes: Live from House of Blues
  • Symphonic Live
  • Songs from Tsongas (akustisk versjon)
  • The Word Is Live
  • Union Live
  • In the Present – Live from Lyon
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads